Salg fra Tunet
Sjuandeklassingane på Øye skule har skulehage gjennom "Inn på tunet" på Oppistua Øye. Etter mykje arbeid gjennom sommaren og innhausting dei siste dagane, kan dei no selge produkta sine på torget!
Janne Husby Haugen var bortom elevbedrifta like før stengetid fredag. Dei dyktige selgarane er Jorunn Fiske, Maren Husby Haugen, Marion Torsø og Valeria Dannevig ved inngangen til Coop Mega.
Trollheimsporten møtte denne elevbedrifta utanfor Coop Mega og utanfor Amfisentret fredag.
Der selde dei mange slags økologiske grønsaker og urter, fine blomster og eigenprodusert ringblomstsalve som hjelpte mot det meste!
Dersom du gjekk glipp av desse sunne varene denne fredagen, så kan vi tipse deg om at det er sjuandeklassingar på plass igjen neste fredag på dei same plassane frå kl.10.30 til 13.00.
Utanfor Amfisentret møtte vi Ådne Næss Aune, Jeanette Ulvund, Kristine, Mikkelsen og Vilde Mikkelsen
Jan Inge Ranes var glad for at han kunne kjøpe med seg økologiske varer heim. Godt tiltak som fortener støtte, sa han.