IMGP3329

Kultuvøkku 2020

Salmar i sommarkvelden

Kulturvøkku 2020 i Rindal vart avslutta med salmekveld i Rindal kirke søndag kveld, mange salmar, men også fleire andre musikkinnslag, - og heilt til slutt kaffe og kroneis!

IMGP3296.JPG

Kantor Johanne Bjørkhaug opna kvelden med Toccata over «Nu la oss takke Gud», eit stykke ho framførte med alle lemmer, og dei fleste tangentane på orgelet. Dette stykket bruka ho også under den første gudstenesta ho hadde i Rindal.

I velkomsthelsinga understreka Bjørkhaug at denne kvelden skulle det syngast salmar:

- Oss ska søng, sa ho. - Det instrumentet har vi alle, og det har vi med oss. Song styrker immunforsvaret, og å synge saman er godt for hjertet, vi får samme hjerterytme, la ho til.

IMGP3306.JPG
Desse orda tok publikum til seg, og vi fekk fyldig, god salmesong, akkompagnert av Bjørkhaug på orgel, Hilde Staveli Solli på fløyte og Knut Arne Fiske Pedersen på flygelhorn. Ekstra fint vart det når fløyta slo til med overstemme!
Vi merka oss også mange fine forspel til salmane.

IMGP3312.JPG
Under titelen "Min salme" presenterte sokneprest Lene Gåsvatn salmen «Jesus det eneste, helligste reneste».
Den salmen song ho for barna sine om kvelden, og den salmen minte ho om ei over 90 år gammal kvinne frå Finnmark.

IMGP3314.JPG
Knut Arne Fiske Pedersen framførte ein folketone frå Sunnmøre og Frode Alnæs sin "Vitae Lux" på flygelhorn, akkompagnert av Bjørkhaug.

IMGP3319.JPG
Hilde Staveli Solli gav oss vårstemning med Øistein Sommerfeldts "Lys Vårmorgen", og i lag med Bjørkhaug på piano, fekk vi høre "Aria fra Suite Antique".

IMGP3343.JPG

IMGP3326.JPG
Johanne Bjørkhaug song salmen "Nå er hver dag og time fylt av sommer" av Svein Ellingsen og Egil Hovland, akkompagnert av kantor Bjørn Vevang på piano.

IMGP3325.JPG

IMGP3350_690x697.jpg
Kantor Bjørn Vevang avslutta konserten med sin eigen improvisasjon, og til hausten tek han over stillinga som kantor i Rindal.

2020-07-05_690x460.jpg

IMGP3360.JPG
Ledar i soknerådet, Leif Ove Grytbakk takka kantor Johanne Bjørkhaug for tenesta i Rindal og gav henne ei gåve frå soknerådet. Til hausten er ho kantor i Meldal.

Før alle fekk kaffe og kroneis (korona-is), fekk alle musikarane fyldig applaus som takk for den fine kveldsstunda.