Salmer ved slutten av veka

Kulturvøkku 2019 i Rindal vart avslutta med salmesong i sommarkvelden i Rindal kirke. Kantor Johanne Bjørkhaug med gode venner hadde sett saman ein fin songtime.

IMGP1361.JPG
Berit Moan Møkkelgård​, Jim Børset og Kari Nerbu leda salmesongen og var solistar.

Johanne Bjørkhaug.JPG
Kantor Johanne Bjørkhaug leda kvelden og introduserte dei ulike avdelingane.

Salmekvelden var publikumsvennleg ved at alle salmetekstene, og også solosongane, var trykte i programmet. Salmane vart akkompagnert av orgel i lag med innslag av fløyte, trekkspell og flygelhorn. Alle musikarane improviserte leikande med melodiane, og dei over 60 songarane i benkene song fyldig på dei mest kjente songane, meir nølande på dei ukjente.

Programmet kan delast opp tematisk i ei førsteavdeling med salmer om sommar og skaparverket, så om dåpen, salmer av Edvard Hoem, kveldsalmer og salmer frå Skottland. Hørte vi sekkepipe i den skotske avdelinga, eller var det trekkspellet?

IMGP1377.JPG
Musikarane som kantor Johanne hadde fått med seg var Tove Elin Strand på fløyte, Knut Arne Fiske Pedersen på flygelhorn og Liv Marie Hofseth på trekkspel - gjømt bak pianoet. Dei to første er frå Øvre Surnadal, medan den tredje er ferierande organist frå Nordstrand.

Kari Nerbu.JPG
Kari Nerbu framførte mellom anna "Oh Freedom" med god innleving!

Jim Børset.JPG
Jim Børset hadde solo på mellom anna Ivar Skippervolds "Ikke en spurv til jorden" og Lina Sandells "Blott en dag"

Berit Moan Møkkelgård.JPG
Berit Moan Møkkelgård song salmen "Alle dei fuglar" av Alfred Hauge og folketonen "Den ljuse dag går under" med tekst av Petter Dass.

IMGP1390.JPG
Musikarar og solistar fekk velfortent rose av kantor Johanne og rosande applaus frå medsongarane i kyrkjebenkene.

IMGP1384.JPG

IMGP1395_690x992.jpg
Salmekvelden vart avslutta med kaffe og kake i våpenhuset, og ute venta den finaste sommarkvelden på lenge!