Heile KS Surnadal 061212_1024x516

Kommunestyremøte i Surnadal heile dagen

Samanslåing av Bøfjorden og Bæverford skule vedtatt

Kommunestyremøtet i Surnadal er i gang frå klokka 0900 i dag. Trollheimsporten følger dette og første sak er samanslåing av Bøfjorden og Bæverfjord skule, lokalisert til Bæverfjord frå hausten 2013. Vi følger heile møtet. Få med deg debattane og vedtaka. I kommunestyret var fleirtalet stort for å slå saman skulane og sende saka utpå høring. Følg ein lang og engasjert debatt.

Budsjettdebatten og økonomiplana kjem Trollheimsporten attende til i ei eiga sak når den kjem opp - så det er berre å følge med!

Du finn møteinnkallinga her - alle sakene til venstre!

Her nedafor vil du finne dei andre sakene i dagens kommunestyremøte med debattar og vedtak.

Før møtet vart sett idag, var Bernt Venås (Sp) ønska velkomen attende etetr studiepermisjon. - Attåt vil eg gratulere deg Bernt som nygift, sa ordførar Mons Otnes og overrekte blomster med velkomen attende.

Til høgre Bernt Venås med blomsteren saman med Sp-kollegene Lise Bjerknesli og Einar Grønnes.

Første sak var samanslåinga av Bøfjorden og Bæverfjord skule - heile saksframlegget her. Kommunestyret hadde dette framlegget til vedtak i saka:

Surnadal kommunstyre sender ut på høyring dette forslaget:
1. Bøfjorden skule og Bæverfjord skule blir slått saman til ein skule frå 01.08.2013 med fysisk plassering ved Bæverfjord skule.
2. Ny forskrift for Bøfjorden og Bæverfjord skulekrins frå 01.08.2013:
    a) Bøfjorden skulekrins og Bæverfjord skulekrins frå 1974 skal frå 01.08.2013 vere ein skulekrins.
    b) Skulen skal vere lokalisert i skulebygget i Bæverfjord.
    c) Den nye skulekrinsen heiter ”Skulekrins for Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter”.
    d) Alt skuletilbod etter Opplæringslova vil bli gjeve ved Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter i Bæverfjord. Dette vil vere ordinær grunnskuleopplæring for 1. -7.trinn, leksehjelp 1.- 4.trinn, fysisk aktivitet 5. -7.trinn og skulefritidsordning for 1.- 4.trinn.
    e) Eventuelt nye aktivitetar eller tilbod etter Opplæringslova vil bli gjeve på same stad.
3. Forslaget om samanslåing av Bøfjorden skule og Bæverfjord skule og ny forskrift til skulekrins for FAU, Skulemiljø- og samarbeidsutvalet, elevrådet og personalet ved Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter, og Utdanningsforbundet i Surnadal. Høyringa blir gjennomført i tråd med foreslått høyringsprosess i saksframlegget.
4. Høyringsfrist er sett til 31.01.2013.

Oddny Hoem (Ap) (over til høgre saman med Odd Asbjørn Bævre lyttande til eit engasjert innlegg frå Gunhild Bøklep Bøe) er leiar i hovudutvalget. Ho la vekt på vurderingane til PPT og læringsmiljøet. - Begge skulane er for små. Det blir for smått. Det er heilt klart betre når ein har fleire å spele på. Vi må ha fokus på kva som er best for ungane. Samtidig er det viktig å gjere dette no, for å unngå press på dei tilsette, sa ho og trudde ikkje bygdasamfunnet vart svekka i Bøfjorden.

- Først må vi bestemme om vi skal ha ein eller to skular, for å rekruttere lærarkreftene på nyåret, sa ho og oppfordra alle til å følge tilrådinga.

Uverdig saksgang
- Denne saka har rørt meg og påverka meg mest. Dette vil rive bort grunnlaget for bygdesamfunnet i Bøfjorden, sa Gunhild Bøklep Bøe (Sp) (til venstre) i eit svært engasjert innlegg og meinte saksgangen var uverdig. - Dette har tatt frå meg all lyst til å drive politikk i famtida, la ho til og understreka det gode samarbeidet mellom skule og barnehage. - Saksgangen er å bedra velgarane, sa ho og peika på at ordføraren var på besøk i Bøfjorden under valgkampen og understreka at skulane skulle bevarast. - Eit år seinare går han inn for nedlegging, sa ho og viste til mange ting som ikkje var med og teke hensyn til.

- Dette er for mange ei sår og vanskeleg sak, der mange føler seg oversett, sa Lars Polden (Sp) og la også vekt på saksgangen i saka. Han foreslo å utsette saka. -Eg er misfornøgd med korleis vi har handtert denne saka. Eg vil ha meir fakta på bordet, sa han.

Med eit forslag om utsetting ba Lilli Husby (Ap) om gruppemøte. Etterpå sa ho at Ap meinte saka var nok utgreidd som den var og at det er ein høringsrunde det no er snakk om. Berre Sp stemte for utsetting.

Anita Bugge Opsal (Ap) tok fram uttalen frå ungdomsrådet. - Den må vi legge merke til, sa ho.

Solid grunna saksgang
- Ein skule er ein samfunnsinstitusjon som er oppretta for å gje læring, sa Eivind Hasle (SV) og la til at det trengs rundt 30 elevar for å oppretthalde ein god skule. - Det blir bruka for mykje harde ord og uttrykk i denne saka, tykte han og tok avstand frå uttrykk som å bedra velgarane, utidig og uverdig saksgang. - Saka er solid grunna, sa Hasle. - Eg står for det eg sa, repliserte Gunhild Bøklep Bøe (Sp).

- For meg er det viktig med ein prisnippiell debatt i denne saka. Limiten er 30 elevar, høyrer eg her. I Surnadal er det tre skular som har færre elevar enn dette - Bæverfjord, Bøfjorden og Todalen. Da blir den naturlege konsekvensen at vi må legge ned ein skule til, sa Bernt Venås (Sp) (til høgre saman med Palmer Vikan og Lilli Husby).

- Vi har hatt ein dårleg distriktspolitikk over tid i kommunen vår. Vi kan ta grep, men vi har ikkje gjort det, la han til.

Ubehageleg og vanskeleg sak
- Eg har ikkje bestemt meg enno, men eg ser at Bøfjorden er for liten, sa Palmer Vikan (Uavhengig) og understreka at dette er ei høring for ei utredning. - Vi får den att til endeleg vedtak, sa han og la til at dei orda som har kome har vore redelege.

- Dette er ei ubehageleg og vanskeleg sak. Same når vi tek denne opp, blir det feil. Det som er sikkert er at vi som politikarar har ansvaret. Det er vi som er skuleeigarar. Vi må sikre elevane det beste læremiljøet og dei trygge sosiale rammene, sa ordførar Mons Otnes (Ap) og håpa politikarane no tok ansvar og sendte saka ut på høring.

- Vi må samarbeide skal vi greie å oppretthalde ein skule på andre sida av Nordmarka. Vi må avgjere dette no for det tek tid å få både elevar og lærarar til å arbeide godt i lag, sa Lilli Husby (Ap).

Lise Bjerknesli (Sp) peika på optimismen i Bøfjorden. - Folk flyttar heim att. Det er noko positivt som skjer. Vi skal ikkje forhaste oss med dette. Elevgrunnlaget har auka. Det vi no gjer er å sette spikaren i døra, sa ho og ville stemme i mot. - Å sende saka ut på høring er ikkje å sette spikaren i døra, repliserte Norvald Bondhus (Ap).

Sp kjempa sterkt i mot å gjere dette vedtaket. - Eg tykkjer saka er alt for forhasta, sa Ragnar Halle (Sp) (til venstre).

- No må vi ta ei avgjerd, sa Lilly Gunn Nyheim (Ap) og takka for ein sakleg og god debatt. Lars Inge Kvande (Sp) har leita etter noko nytt i saka. - Eg har ikkje funne noko, sa han.

- Kunnskap i skulen er det viktigaste, sa Marit Granhus Kringlebotn (H) (under til høgre) og minna om at det er fleire parti i opposisjonen enn Sp. - Vi andre følger fleirtalet her, sa ho og ville ikkje ha meir seigpining i denne saka. - For meg er ikkje dette ei grendasak. Det er elevane og eit godt læremiljø som må vera det viktigaste, sa ho.

Deretter gjekk kommunestyret til avstemming. Tilrådinga (over) vart vedtatt. Sp gjekk i mot, saman med Palmer Vikan (Uavhengig).

Svinviks arboret eit reiselivsfyrtårn
Av andre saker i dagens kommunestyremøte er evaluering av vidare drift ved Svinviks arboret, der innstillinga er fortsat tdrift av arboretet inn i Surnadal museum - heile saksframlegget! I sine vurderingar til saka går rådmannen inn for å gjera arboretet til eit reiselivsfyrtårn.

- Svinviks arboret har vore eit varemerke for Surnadal. I si tid drog det 6000 - 7000 reisande til Surnadal. Når NTNU tok over vart det lagt meir vekt på det vitenskapelege. Dei siste to åra er det igjen lagt vekt på dei besøkande, sa ordførar Mons Otnes (Ap) og håpa kommunstyret ville vera med på denne tilrådinga:

Dette vart einstemmig vedtatt.

Mange saker
Kommunestyret hadde i dag mange saker til behandling - heile saklista her (klikk på åpning av saksframlegget til venstre for å sjå sakene). Desse er så langt einstemmig vedtatt: Søknad om serveringsløyve, sluttregnskap Øye stadion, eigarforhold i selskap Surnadal kommune er medeigar i per 2012 og utbygging av Kråkhaugen på Kvanne, som fekk mykje skryt.

Du finn heile saklista her.

IKT-ansvarleg Pål Ranes i kommunen orienterte om dei to IKT-sakene i dagens kommunestyremøte. Sjå saklista - link over - strategi og handlingsplan IKT i Surnadal kommune 2013-2016 og invitasjonar til nye IKT Orkide-prosjekt 2013. Begge desse sakene vart einstemmig vedtatt.

Skatterekneskapet - forslag om auke i marginavsetninga og begge budsjettreguleringane i møtet i dag vart einstemmig vedtatt - blant anna bruken av disposisjonsforndet i 2012, som er negativt ved utgangen av året. Økonomisjef Trond Håskjold orienterte om desse. Sjå saklista.

 

 

 

Surnadal kommune vidarefører drifta av Svinviks Arboret som eit kommunalt anlegg inn i Surnadal museum i følgje driftsavtalen med SNM. Svinviks arboret er budsjettmessig lagt inn i kultureininga og budsjettet til kultureininga blir justert og tilpassa vidare kommunal drift av arboretet. Surnadal kommune ønskjer å utvikle Svinviks Arboret både innanfor museumsområdet og som reisemål.