Live-Ida_ved_bordet_350x250

Samla inn pengar til MGP jr-tur

Med plakat som fortalde kva det heile dreidde seg om, troppa Live Krangnes Edvardsen og Ida Vasseng Hansen like godt opp på ferjekaia på Kvanne og arrangerte "minicafé" til inntekt for felles tur til Oslo Spektrum og finale i Melodi Grand Prix junior i september!

Torstein Snekvik (10) frå Kvanne skal delta i den TV-overførte MGP jr-finalen 4.september, og 5.-7.klasse ved Stangvik oppvekstsenter reiser da til Oslo for å heie på Torstein.

For å skaffe pengar til reisekassa, selde Live og Ida vaflar, bollar, kaffe, saft og blomster.

Dei ventande ferjepassasjarene såg ut til å setje stor pris på opplegget, og ferjemannskapet hadde godkjent det heile på førehand, skriv IL Søya på si heimeside.

Heile 1533 kroner fekk dei to flinke jentene samla inn til felleskassa. Ei glad Siri Heggem Grytskog tok imot pengane på vegne av komiteen om kvelden etter at salet var unnagjort.