Bedrifter i Røtet vil skape liv og røre:
Samlar seg til felles Vårtreff
26. og 27. april ønskjer Eiksenteret, Sveen Auto, Byggmakker og Hageland velkomne til felles Vårtreff, der dei vil skape liv og røre med gode tilbod og presentasjon av nyheiter.
Ingressfoto: Marit Gjeldnes (f.v.) og Jan Bjørnbeth fra Byggmakker, Ove Øye og Njål Botten Gjøstøl fra Eiksenteret, Hubertine Roebroek og Ida Bochkon fra Hageland, Iver Magne Nes fra Eiksenteret og Arnbjørn Heggset og Lars Kristian Todal fra Sveen Auto inviterer til Vårtreff hos bedriftene sine helga etter påske, 26. og 27. april.
Eiksenteret har i mange år hatt suksess med sitt Vårtreff, og har dei siste åra tenkt meir og meir på å invitere med seg nabobedriftene sine til eit samarbeid. I år kom initiativet, og med på laget er både Sveen Auto, Hageland og Byggmakker.
– Vårtreffet er godt innarbeidd, og vi har snakka meir og meir om gå ihop om treffet. I år vil vi difor prøve å gjere noko ilag, seier butikkleiar Iver Magne Nes frå Eiksenteret.
– Vi vil skape litt liv og røre i Røtet. Her er vi mange gode naboar som står saman om eit positivt opplegg, og dette vil gje gode synergieffektar. Det er artig å skape denne typen aktivitet ein anna plass enn på Skei, seier dagleg leiar hos Sveen Auto, Lars Kristian Todal, som raskt får støtte frå Marit Gjeldnes frå Byggmakker.
– Dette blir så bra det, seier Ida Bochkon frå Hageland.
Vårtreffet går altså av stabelen helga etter påske, 26. og 27. april, og Iver Magne Nes fortel at det vil bli tilbod for alle:
– Vi har sett tidlegare at mange karar kjem til Eiksenteret, medan kvinnfolka gjerne søker mot Hageland og Byggmakker. No som vi er fleire med på laget har vi noko for alle. Hos oss vil vi og ha tilbod for dei yngste, som vil kunne få prøvekøyre elektriske tratkorar.
Nes fortel at mange leverandørar tek turen til Eiksenteret denne helga.
– Dei brukar å vere veldig fornøgde med opplegget, og prioriterer Vårtreff år etter år. Vi kjem til å ha ei stor traktor- og maskinutstilling, med prøvekøyring og demonstrering. I tillegg vil vi ha gode tilbod til kundane, og vise nyheiter innan til dømes plenklipparar, seier han, og legg til at det blir servering av rømmegraut.
Jan Bjørnbeth hos Byggmakker fortel at dei og kjem til å køyre kampanjar og gunstige prisar i samband med arrangementet, medan Sveen Auto lanserer ein heilt ny bil.
– Ja, det blir billansering og ekstra gode tilbod på både nye og brukte bilar. Vi kjem og til å servere grillmat, og ha det vi kallar åpen verkstad. Der kan interesserte sjå korleis vi har det, seier Lars Kristian Todal.
Hubertine Roebroek og Ida Bochkon frå Hageland fortel at dei for alvor kjem til å vere klare for sesongstart når det er klart for Vårtreff.
– Vi kjem til ha alt av sommarblomster, busker og tre på plass, og køyrer sesongstarttilbod med nye hagemøblar til ekstremt låge prisar. Dersom det er fint vêr kjem vi og til å ha trailersal, seier Roebroek, og legg til:
– Dette blir eit flott tiltak. Folk brukar å komme langtvegs frå til Eiksenteret for å delta på Vårtreff, så det er artig at fleire no er med og at det er endå meir som skjer.
Butikkleiar Nes hos Eiksenteret deler den oppfatninga, og håpar og på stor lokal deltaking på arrangementet.
– Ja, vi vil gjerne få ut bygdafolket og, for her kjem alle til å kunne finne noko dei interesserer seg for, seier han.
Både Eiksenteret Surnadal, Byggmakker, Hageland og Sveen Auto er medlemmar av Trollheimsporten.