Bøfjorden Historielag melder:
Samlar sjøfartshistorie
Bøfjorden Historielag har som mål å ta vare på den maritime kulturen og halde sjøfartshistoria levande. Med glede har styret igjen motteke flotte bidrag til samlinga på museet sitt.
Ingressfoto: Jon Storløkken sin modell av «Cutty Sark» tek seg fint ut på museet. (Foto: Bernt G. Bøe)
Søndag kom Ole Kristen Skuggevik med foto av Wilhelmsen-båten «Tigre» - der han var mannskap på 1950-talet.
Stykkgods- og kjøleskipet «Tigre» på bortimot 9000 tonn dødvekt var bygd i Frankrike i 1926 og eksisterte til 1959. – Ho hadde to propellar med kvar sin Burmeister & Wein-motor og gjorde 12 knops fart, fortel Ole Kristen. – Men losfolket tykte den var vanskeleg å manøvrere på grunn av det delte propellsystemet, så vi laut gjera det sjøl!
Mange nordmøringar ombord
Fleire frå Nordmøre var påmønstra «Tigre» saman med Ole. – Surnadalingane Magnus Svensli og Per Lægreid var med, like eins Guldslett frå Smøla, Alf Hannaset frå Kristiansund og den seinare ferjeskipperen Arne Sagli frå Aure.
Skuggevik rosar miljøet ombord. Han treivst godt. – Det var style ombord! seier han. - Men «Tigre» hadde opa bru, så vi pakka aviser innom kleda når vi stod i blesten og styrte!
Han fortel også at skuta hadde skyteskader etter angrep under krigen, da ho gjekk i konvoifart for Nortraship. Namnet hadde forresten ingen ting med dyret tiger å gjera: - Tigre er ei høgslette i Nord-Etiopia, seier han idet han overrekkjer biletet av den flotte båten til sjøbruksmuseet.
Modell av «Cutty Sark»
Jon Storløkken er ivrig medlem av Bøfjorden Historielag og bidreg med både programinnslag og båtkopiar. Som sjømann på 1960-talet laga han modell av sagnomsuste «Cutty Sark». Denne har han no gjeve Bøfjorden Sjøbruksmuseum.
Den berømte klipperen «Cutty Sark» (skotsk for «kort serk») er 150 år gammal (bygd 1869) og ligg no i tørrdokk ved observatoriet i Greenwich ved London.
Først segla ho med te frå Kina til Storbritannia, seinare med ull og bomull frå Australia og gjekk til slutt på Sør-Amerika. Seglskutene vart etter kvart utkonkurrerte av dampskipa, men «Cutty Sark» med sine opp til 17 knops fart (raskaste seglar i verda) heldt stand lenge.
Frå 1938 til 1953 var skuta skuleskip. Cutty Sark-fondet opna ho som museumskip for publikum i 1957. «Cutty Sark» er freda i høgaste verneklasse i Storbritannia for «særskilt stor arkitektonisk eller historisk verdi».
Namnet er nytta av ein whisky-fabrikant som har vore hovudsponsor for den kjente Cutty Sark-regattaen, der bl.a. norske «Christian Radich» har gjort det godt.
No har altså Jon Storløkken børsta støvet av modellen han trøydde seg med som ung sjømann i 1967: - Berre å få desse taua og taljene på plass kravde mykje tid og presisjon, seier han og viser nokre av dei ørsmå deltaljane på den flotte modellen som no berikar samlinga på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.
Ole Kristen Skuggevik var mannskap på Wilhelmsens «Tigre» i 1953-54. No donerer han biletet til Bøfjorden Sjøbruksmuseum. (Foto: Dordi Glærum Skuggevik)
1967: Unge Jon under modellbygginga. (Foto: Privat)
Flott prikkelarbeid har fått fram fine detaljar på modellen av «Cutty Sark». (Foto: Bernt G. Bøe)
Tekst: Bernt G. Bøe
Bøfjorden Historielag er medlem av Trollheimsporten.