Tilhørere 1_1024x666

Det skal satsast på Bøfjorden frå 2013/14

Samorganisering i Bæverfjord vedtatt einstemmig!

Bæverfjord og Bøfjorden skular blir samorganisert ved Bæverfjord skule skuleåret 2012/13. Det blir oppstart ved Bæverfjord skule hausten 2012 for alle elevane. Det blir gjeve barnehage- og SFO - tilbod for elevane frå Bøfjorden ved Bøfjorden oppvekstsenter. Dette vedtok kommunestyret i Surnadal i dag i eit ekstra møte. Samtidig var det understreka at dette ikkje var ei nedlegging av Bøfjorden. I tillegg vart det vedtatt eit ekstra punkt om ei vidare sating ved Bøfjorden frå neste skuleår - 2013/14. Det var fleire tilhørarar frå Bøfjorden som følgde debatten (bildet).

Permisjon og ny fastlegeheimel
Før dagens store sak om samorganisering av Bøfjorden og Bæverfjord skule fekk Bernt Venås (Sp) enstemmig studiepermisjon frå alle sine lokale politiske verv frå 1. september og ut året. Heile saksutgreiinga her.

Kommunestyret vedtok også einstemmig å søkje om ny fastlegeheimel i samarbeid med Halsa. Heile saksutgreiinga til den saka her.

Til høgre: Tilhørarar frå Bøfjorden følgde ivrig debatten.

Endrar ikkje skulestrukturen
Astrid Mogstad Høivik
innleia om skulesaka og understreka at Fylkesmannen ikkje har funne at dette er ei endring av skulestrukturen eller brot på skulelova. Heile saksutgreiinga her.

- Fakta i saka har ikkje endra seg vesentleg, sa Norvald Bondhus (Ap) (under til høgre saman med Johnny Melkild). Han understreka ansvaret til kommunen om eit kvalitativt godt skuletilbod for elevane og eit skikkeleg bra arbeidsmiljø for lærarane og dei tilsette. - Valget står mellom ein udelt skule i Bøfjorden og ein firedelt skule i Bæverfjord. Elevar og tilsette får det beste tilbodet i Bæverfjord. Og dette dreier seg ikkje om ei nedlegging av Bøfjorden skule, men kun om skuleåret 2012/2013, sa han.

- Dette er ei nedlegging av Bøfjorden
Gunhild Bøklep Bøe (Sp)
(til venstre) var litt oppgitt over at dette har gått frå å bli ei sak om manglande rektor i Bøfjorden til ei sak om å legge ned skulen. - Eg er skuffa over kommunen i denne saka, og vi visste at det vart lågt elevtal i Bøfjorden for tre år sidan, sa ho.

Margrete Svinvik (Sp) håpa administrasjonen ville bidra til at det blir et positivt skuleår i samorganiseringa i Bæverfjord. Ho ville presisere at det blir arbeidd aktivt for å få på plass rektor ved Bøfjorden skule for skuleåret 2013-2014, med tanke på vidare drift ved Bøfjorden skule, dette som eit ekstra punkt fire.

Udelt skule svært krevande
Eivind Hasle (SV)
kjente seg trygg på saksbehandlinga og understreka den gode dialogen med Fylkesmannen. - Eg forstår frustrasjonen lokalt, men elevtalet og lærarsituasjonen er basis. Udelt skule er eit svært krevande opplegg, skal du greie å oppfylle lovverket. Ei samlokalisering i eit skuleår blir til det beste for alle, sa han og understreka behovet for forutsigbarhet.

Det fekk han støtte frå Bernt Venås (Sp) på. - Dette seier forslaget frå Sp for om eit nytt punkt fire. Det skal satsast! sa han. - Ein  annan måte å satse å er tilrettelegging av boligtomter og bomiljø. Den satsinga har mangla litt dei siste 20 åra, sa han og viste til satsinga i Stangvik. - Det er viktig å trekkje dei store linjene i denne saka. Alt heng saman md alt, siterte han.

Ekstraforslaget frå Sp var eigentleg unødvendig. - Men det har vi ikkje noko problem med å vere med på, sa Norvald Bondhus (Ap) etter gruppemøter. Bernt Venås (Sp) framheva foreldreengasjementet i Bøfjorden.

Deretter gjekk kommunestyret til votering og først gjekk ein enstemmig inn for tilleggspunktet fremma av Margrete Svinvik (Sp). Så vart det einstemmig vetatt ei samorganisering.