
Satsar på irsk stemning
Fredag og laurdag er det klart for irsk pubhelg på Vårsøg Hotell. - Erik Asp og Ann Helen Brøndbo Foosnæs frå Steinkjer kjem med gitar og fele. Dei vil sørgje for allsong og god stemning i Musters pub, seier hotelldirektør Bergsvein Brøske og kjøkkensjef Ida Elisabeth Dønheim. Hotellet satsar på at det skal jamnlege musikktilbod i puben, og i neste månad kjem Øivind "Elg" Elgenes på besøk.

- Vi har lyst til å lage ei uformell stemning på Musters pub, og har som mål å få til arrangement med levande musikk kvar månad. Er det lokale musikarar som har lyst til å bidra, er det berre å ta kontakt, seier Bergsvein Brøske.
No i helga blir det irske viser og roots med duoen Erik Asp og Ann Helen Brøndbo Foosnæs. Erik Asp syng og spelar gitar og munnspel. Han har turnert over heile landet i mange år, og har rykte på seg for å skape god stemning der han opptrer.
Med seg har han den rutinerte felespelaren Ann Helen Brøndbo Foosnæs, som har gjort seg bemerka både innnan folkemusikk og diverse roots/vise-prosjekt.

.png)

