Sauslipp 2008
Tidleg søndag morgon (8. juni) drog sauene frå Nyset på sommarferie atti Torfjellmyran. Med dyktige, unge saugjetarar som var meir enn villig til å stå grytidleg opp å hjelpe til no som bestefar Nils Nyset er på sjukehuset, var det ikkje noko problem.

Juniorgjetarar gjer seg klar til saueslipp tidleg søndag morgon.
Ingeborg Elise Halgunset (Nyset), Fredrik Myklegard (Grøtan), Unn Inger Halgunset (Nyset),
Torbjørn Syrstad (Austistua Halgunset), Mari Halgunset (søskenbarn frå Klæbu) og
framom aspirant Margrete Halgunset (Nyset).
Ei travel tid er over og idag var det tid for å følge dei 46 søyene
med sine små vel avgårde. Vi vandra frå Nyset nedover Grøtbakkan og etter
Lomunddalsvegen i retning Skytterbanen. Tidleg i morges, kvart på sju,
ganske nøyaktig, starta turen, med drikkeflasker og medsendt mariekjeks frå
bestemor. Om nokon var trøtte, var det vanskeleg å sjå. Dei habile
saugjetarane sykla etter og passa vel på at ingen fann på noko tull på
turen. No gjelds det berre å passe på så vi får alle vel heimatt når
sommaren er over og vi ser fram til mange fine turer oppå fjella også i år.
Vi ønsker dei firbeinte ein fin ferie. (Tekst/foto: Elisabeth & Ingmund Halgunset)

Sauene passerer Auster Gjeret, vel påpassa av iherdige hjelparar.

Snart framme ved målet!

God tur!!

.png)

