Ambulanse

Netthøyring om Prehospital plan

Sei meininga di om ambulansetilbodet

Det vekte sterke lokale reaksjonar da ei arbeidsgruppe i Helse Midt-Norge nyleg gjekk inn for å redusere ambulansetilbodet i Rindal, Surnadal og Sunndal. Saka skal ut til høyring før endeleg vedtak i mars/april. I den samanheng ber Helse Midt-Norge no om folk sine innspel om korleis den nye prehospitale planen - der ambulansedrift, AMK-sentraler og medisinsk nødmeldingstjeneste inngår - skal vere.

Ambulanse

Arbeidsgruppa som har førebudd revisjonen av Prehospital plan har laga eit utkast til ny plan. Forslaget er altså ikkje sluttbehandla i Helse Midt-Norge, men vil bli behandla saman med alle høyringssvara som kjem inn.

Både Kommunenes Sentralforbund (KS), dei lokale helseforetaka og innbyggjarane i Midt-Norge blir invitert til å komme med innspel, der kommentarane kan sendast inn på web.

For å delta med innspel og kommentarar, gå inn på denne linken.

Les meir om kuttplanane og reaksjonane her.