![Husasnotra 002[1]_350x263](https://img7.custompublish.com/getfile.php/1619244.1537.pspxrpewyq/690x0/4925417_1619244.jpg)
Senioruniversitetet besøkte Husasnotra

Somme kan nok ha minne og kunnskap om noko av det som møter dei i Husasnotra, men uansett er det vel for dei fleste mangt dei ikkje har visst eller tenkt på.
Husasnotra er ein kombinasjon av tradisjon og nyskaping som er etablert på Enge i Valsøyfjorden. Krumtappen i føretaket er Jon Bojer Godal, lokalitetane det gamle tresliperiet, som huser geitbåtmuseet, og eit nybygg ved sida av med element av gammel byggeskikk og teknikk der ein finn verkstad og eit møterom. Og i full sving finn ein unge lærlingar.
Formålet med drifta er å bevare kunnskapen om gamle metodar for bygging av båtar og hus, og ta med denne inn i ei ny tid. Ein viktig del av aktiviteten er derfor opplæring, og under opplæringa blir det naturleg nok oppdragsverksemd.

For eksempel har dei produsert takspon i eik til eit bygg i England, 6000 handlaga spon! Og nybygde geitbåtar blir selde til private.
Restaurering av gamle hus tek dei på seg. Ekspertise blir også eksportert. Han som bygger geitbåten på biletet, pendlar for eksempel til Haugesund for å vera med på bygging av eit vikingskip!
Jon Bojer Godal er fødd 1937 i Rauland i Telemark, er utdanna ved Norges Landbrukshøgskole og har vore rektor og lærar i sjøbruk ved Fosen Folkehøgskole i Rissa. Det er tydeleg at Norsk geitbåtmuseum og Husasnotra no er hans hjertebarn, som han tek hand om og presenterer med entusiasme og autoritet.
Dei rundt 40 studentane hadde eit gjevande møte med han og Husasnotra, og vil nok anbefale andre å ta ein tur dit.
Av Kåre Sæterbø, deltakar

.png)

