
Her er Surnadal Sp si liste til kommunevalet
Senterpartiet siktar mot ordførarmakt

Senterpartiet har i inneverande periode varaordføraren i Surnadal, men Bernt Venås legg ikkje skjul på at partiet har klare ambisjonar om å innnta ordførarstolen igjen. Partikandidatane vil ikkje gå ut med detaljar om kva som blir valkampsakene enno, men meiner Senterpartiet vil utgjere eit reelt alternativ til Arbeidarpartiet, som har ordføraren i Surnadal i dag.
- Senterpartiet er opptatt av folkestyre, difor er det ikkje kumulerte namn på lista vår. Men dei tre øvste er såkalla prioriterte namn, og det er kandidatar som vi tilrår at veljarane kumulerer, seier Venås.
Her er Surnadal Senterparti si valliste, vedteken på nominasjonsmøtet 23.februar:
1. Bernt Venås, sokneprest, Stangvik
2. Hilde Hoven, veterinær, Øvre Surnadal
3. Lise Mari Bjerkesli, student, Surnadal
4. Else Brandvoll Andresen, veterinærassistent, Surnadal
5. Jon Bruset, industriarbeidar, Todalen
6. Gunhild Bøe, elektrikar, Bøfjorden
7. Einar Grønnnes, matros, Kvanne
8. Eli Gulla, dagleg leiar, Surnadal
9. Ragnar Halle, butikmedarbeidar, Todalen
10. Håvard Halset, lærar, Todalen
11. Janne Husby Haugen, butikksjef, Surnadal
12. Ole Peder Holten, gardbrukar, Bæverfjord
13. Lars Inge Kvande, personalkonsulent, Kvanne
14. Oddvar Mikkelsen, gardbrukar, Kvanne
15. Erik Mogstad, student, Surnadal
16. Peder Naustbakk, industriarbeidar, Surnadal
17. Mette Sæter Ormset, konsulent, Surnadal
18. Hugo Pedersen, gardbrukar, Øvre Surnadal
19. Mohamed Rashed, restaurantdrivar, Surnadal
20. Mona Rita Rønning, forsikringsrådgjevar, Bæverfjord
21. Erling Solem, gardbrukar, Bæverfjord
22. Konrad Våbenø, gardbrukar, Surnadal
23. Guro Aarnes, gardbrukar, Surnadal

.png)

