Ser me Guds kjærleik?
Preika for Domssundagen i Øvre Rindal kapell den 22.november kan du lese nedafor. Det kan vera den set i gang ein spore til å sjå meir av Guds godheit for oss. Nedst finn du også bilde av dåpsbarna og 5.-klassingar!
Kapellet 24.11.13.
Herre! Hvis jeg tilber deg av frykt for helvetet, la meg brenne der! Hvis jeg tilber deg i håp om paradiset, la meg aldri komme dit!
Råbi`a al-Adawiyya, Basra, 700-tallet e.Kr.
Da sa Jesus: «Til dom er jeg kommet til denne verden, så de som ikke ser, skal bli seende, og de som ser, skal bli blinde.» Noen av fariseerne som sto der, hørte dette og sa til ham: «Kanskje vi også er blinde?» Jesus svarte: «Var dere blinde, hadde dere ingen synd. Men nå sier dere: ‘Vi ser!’ Derfor blir deres synd stående.» Joh 9,39-41
Eg kjenner ein kar som har to døve syskjen. Når ein er døv, kan eg ikkje høyre. Det er eit slitsamt handicap. Men det går an å forstå viss nokon snakkar på tegnspråk.
Veit de kva desse to karane gjorde når dei fekk skjenn? Både far og alle visste at det ikkje nytta å skjennast slik foreldre lett gjer det med å prata tydeleg med store bokstavar.
Nei, mor og far måtte bruke tegnspråk også når dei var sinte.
Men kva gjer så dei som er døve og berre forstår tegnspråk? Sjølvsagt. Dei let att augo så dei ikkje ser kva som blir formidla. Når augene er att, får dei vera i fred.
Det er mange av oss som oppfører oss slik desse døve syskjena gjorde. Me let att augo og lest som me er blinde. Me let att augo og lest som om me ikkje kan få med oss noko.
Dette vil Jesus ha ein slutt på. Det me har høyrt lese her frå Johannes ni, har ei forhistorie. Ei mobbe-forhistorie, faktisk.
Det handlar om ein blind som blir hengt ut på det styggaste.
Disiplane, av alle, får seg til å spørje Jesus om kvifor han er født blind – for det må jo ha ein grunn?!
Og mobbarane som spør, har berre to alternativ: Anten har guten sjølv synda, eller så er det nokon lengre tilbake som har synda. Kven har synda slik at denne guten er blind? spør dei som føler seg trygge sjølve.
Og Jesus svarar til gangs: Dette har skjedd for at Guds gjerningar skulle openberrast på han. Altså: Dette skjer som ein mogelegheit til å syne at Gud er god og Gud vil vèl.
Nokon gjer som syskjena eg fortalte om, og let att augo for verkelegheita rundt seg. Når Jesus talar og kallar og ber oss om å koma og vera hans, blir det til at me korkje ser eller forstår korkje kva han vil eller kva som tener til det gode.
Så blir det til at me held fram med å baske med oss sjølve og kvarandre i same sporet. Kva forstår me når me ikkje vil sjå? Forstår me at Jesus ikkje er noko for oss, at kristne folk berre er fordømmande, at me kan klare oss sjølve og at alt går fint utan Jesus – då har me teke feil – uansett kor mykje me meiner at me ser og forstår.
Nokon seier at dei ikkje forstår alt, men trur på det dei ser. Jesu kjærleik kan ha mange lag med gamal sjølvforrakt og mindreverdskjensle å arbeide seg igjennom. Det kan vera vanskeleg å ta imot tilgivelse for den som ikkje vil tilgje seg sjølv.
Men det er mogeleg! Det er mogeleg å ta Jesus på ordet så me tek imot tilgivelse og nytt liv – og endå til får hjelp til å ta imot oss sjølve med nåde.
«… fòr opp til himmelen, skal derfra komme igjen og dømme levende og døde.»
Det er merkeleg at han som laga nåden og tilgivelsen, også skal vera dommar. Jesus skal vera den som dømmer oss. – Eller skal han vera den som frikjenner oss?
Det er det ikkje opp til meg å bestemme. Så lenge det er livspust i oss er det mogeleg å ta imot frelsa, ta imot Jesu nåde og alt han har av kjærleik til oss.
Me er korkje blinde eller døve. Me kan lesa oss til tru og me kan høyre oss til tru.
Tru er ikkje noko anna enn tillit til at den gode makta skal vinne. Tillit til at Jesus er stor nok også for meg og alt mitt. Så får dommen bli som den blir. Konsekvensanalysen blir uansett såre enkel: Han døydde for å sone for alle.
Me bestemmer sjølve korvidt det skal angå oss. Ja, me har faktisk eit valg.
- om me då ikkje er foreldre og fadderar som har stått ved døypefonten og lova både det eine og det andre:
De vil at Ronja og Magnar skal døypast. Og de vil at borna skal få oppdragelse i kristen tru. Då må de også gjera det – gjerne gjennom å vera førebilete sjølve så de speglar Jesus gjennom kven de er.
Gud velsigne oss alle!
Magnar Jonli Rise med foreldre og fadrar.
Ronja Tollan Grøset med foreldre og fadrar.
Søstrene Tina Tollan og Veronica Tollan Almskår song Bill Withers Lean On Me for oss og tantebarnet sitt, dåpsbarnet Ronja.
Ann Elin Hess Brønstad er leder i Livsløpskomitéen, og ho delte ut Bibel til dei 5.klassingane som møtte opp i kapellet.
Desse 5.-klassingane fekk Bibel i Rindalskjerka siste søndag.