Heile gjengen

Romjulskonsert i Øye kyrkje 29. desember:

Serverer tradisjonell julemusikk i frisk innpakning

Primus motor Hans Olav Settem lovar gløgg, julestemning og kanskje til og med ekstranummer i Øye kyrkje femte juledag. Då samlar han nemleg eit knippe av dei beste musikarane i nærmiljøet til storstilt romjulskonsert.

– Det blir mange høgdepunkt her, altså, seier ein entusiastisk Hans Olav Settem.

Som mellom anna frontmann i kvalpopbandet Whales & This Lake er han godt vand med å halde konsertar. Den 29. desember er han og arrangør, og det på heimebane i Øye kyrkje.

Med seg på scena har han ei rekkje sterke namn frå musikkmiljøet i Surnadal og omegn. Dei gamle kollegaane i Batteri, Brage Kristian Einum, Oddbjørn Sponås, Stein Boge og Sondre Skogseth er sjølvsagt med. Det er og Toril Moe og Torstein Snekvik, samt kjærasten til Settem, Marit Othilie Thorvik frå Molde.

– Det er utruleg stas at så mange av dei dyktigaste lokale musikarane vil stille opp, og at alle er så utruleg positive. Folk verkar kjempegira og har veldig lyst til å hjelpe til, så dette er eit samarbeidsprosjekt, seier Hans Olav Settem, og legg til:

– Dei aller fleste av oss er travelt opptekne på kvar vår kant til dagleg, så det å møte gamle og gode vener og spele saman blir ein del av julefeiringa vår. Samtidig er det på ein måte ei lita gåve frå oss til heimbygda, vår måte å gje noko tilbake til bygda der vi starta med musikk.

Hans Olav og Marit Othelie.jpg
Marit Othilie Thorvik og Hans Olav Settem under fjorårets romjulskonsert i Øye kyrkje (Arkivfoto).

Bøe og Flostrand nye på laget

Settem fortel at Batteri-gjengen starta med julekonsert allereie for om lag fem år sidan, då i mindre skala. Etter to år med julekonsert og to års pause var det klart for ny konsert i fjor. Den vart ein knallsuksess, med mykje folk og positive tilbakemeldingar.

Samanliknar ein lista over artistar med dei som var med i fjor, er Sigrid Vetleseter Bøe og Lisa Botterli Flostrand nye i 2018. Begge kjende som vokalistar av høg klasse. Gunhild Marie Täringskog, storesystera til Hans Olav, var med i fjor, men blir ikkje med denne gongen.

– Ho har flytta til Sverige, og får det ikkje til i år. Det er sjølvsagt veldig trist at ho ikkje får vore med men vi får veldig god hjelp i Marit Othilie, Sigrid, Lisa og Toril. Vi har mange gode vokalistar med oss, seier Settem, som fortel at publikum vil få høyre att det beste frå konserten i fjor, i tillegg til mykje nytt. 

Vil lage årleg tradisjon

På repertoaret i Øye kyrkje står verken Whales & This Lake eller Jouska. Denne gongen.

– Det blir nok hovudsakelig tradisjonelt julemateriale i år, bortsett frå at Torstein Snekvik kjem til å spele ei originallåt. Planen på sikt er å inkorporere litt originalmateriale frå oss som er med, slik at denne konserten blir ein trygg plass å vise fram ting vi driv med, i tillegg til julemusikk, seier Settem, og legg til:

– Truleg blir det med fleire og fleire artistar på dette samarbeidet, og vi ønskjer at dette skal bli ein berekraftig tradisjon, med konsert kvart år.

24-åringen fortel at han håpar at romjulskonserten blir noko litt anna enn dei meir tradisjonelle julekonsertane, sjølv om dei fleste av dei kjende og kjære julesongane er med.

– Eg tykkjer det er lett for at veldig mange julekonsertar blir veldig like, det er trass alt snakk om songar ein har høyrt mange gonger før. Difor må innpakkinga vere litt frisk, og ein må ha mange ulike utøvarar på scena. Då skapar ein variasjon og eit litt meir moderne uttrykk, i staden for å berre mjølke den same julestemninga som før. Det er i grunn litt av visjonen bak denne konserten.

Gløgg, småkaker og ekstranummer

Ifølgje Settem ligg det, med tanke på øving, an til eit skippertak i romjula. Både øvinga, og det å spele på heimebane i Surnadal, gler han seg til.

– Det å spele på heimebane er ekstra fint når det går bra, men skal eg vere ærleg er det samtidig litt både og. Eg blir av ein eller annan grunn alltid litt ekstra nervøs, når eg opptrer heime. Då spelar ein gjerne for folk ein kjenner veldig godt, folk ein har kjend heile livet, men kanskje ikkje sett på lenge. Det er litt spesielt, men mest fint.

Ved inngangen til konserten vil det bli servert gløgg og småkaker.

 – Då kan publikum få opp blodsukkeret litt medan dei blir underheldt, seier Settem, før han fortel om fjorårets romjulskonsert. Då var publikum så fornøgde at dei ropte på ekstranummer, utan at dei fekk ønsket sitt innfridd den gongen.

– Det spørs om det kanskje blir eit lite ekstranummer i år, ler han.

julekonsert hans olav 690.jpg
Hans Olav Settem og venner ønskjer velkommen til romjulskonsert i Øye kyrkje femte juledag.