Stavganggruppa i Surnadal:
Sesongåpning for stavganggruppa
Årets første stavgang gjekk til Brøskehagen. Bra oppmøte, 31 i talet, og triveleg å treffast etter ein lang vinter. Som vanleg var vi velsigna med godt ver, slik at rasten på Svissholmen ga oss ein smak av sumaren framfor oss.
Nokre vart kjende med ramslauken for første gong, for i Stangvika veks den i vegkanten.
Tekst: Kristian Ranes
Foto: Reidunn Halle