
Sesongavslutning for BB fotball
Det var stor stemning i kjellaren på Hammerstuene da fotballgruppa i Bøfjord/Bæverfjord fotball markerte avslutninga på årets fotballsesong. Spelarane på 10-årslaget, 12-årslaget og Knøttane var dei det først og fremst skulle gjerast stas på, men også trenarar, lagleiarar og foreldre hadde møtt mannsterke opp for å ete taco og kose seg saman med ungane. Dessutan vart det delt ut diplom til alle som hadde vore med på lag i sommar, og velfortente blomster til trenarar og lagleiarar. Klikk deg vidare og få nokre glimt frå festen!
Trangt ved taco-bordet, men med litt organisering vart det mat på alle! Alle foto: Norunn Holten
Da 12-årslaget mangla trenar, stilte Peder Brøske Moen sporty opp. Her får han velfortene blomster med leiar i Bæverfjord i.l., Magne Sollid.
Det vart fullt i kjellaren på Hammerstuene da ungar og vaksne frå Bæverfjord i.l. invaderte lokala.
Under: Diplomutdeling høyrer med på ei fotballavslutning.