
Sesongopning i Svinviks arboret laurdag 12. mai
Våren har kome til Svinviks arboret, og i helga opnar porten for publikum. Svinviks arboret er ei sjeldan perle på Nordmøre. Den eksotiske naturhagen i berghamrane ned mot Todalsfjorden er kanskje mest kjent for sine blomstrande rododendronar, men her finn du òg andre spanande og vakre planter og tre frå heile verda. Arboretet er ope onsdag til søndag frå 12. mai- 12. august. For meir informasjon om opningstider og kontaktinformasjon sjå her.
Maja Frønes og dei andre tilsette ved arboretet ønskjer no alle velkomne til sesongopninga i helga. Alle foto: Norunn Holten
I arboretet kan du rusle ein tur på eiga hand, eller bestille omvising. Du kan ta ein tur i kafèen og nyte arboretet sine heimbakte sommarkaker og ein kaffekopp. Arboretet har også planter for sal, -utvalde spesielle sortar av rodondendron og anna.
Dei tilsette ønskjer alle velkomen som gjest i Svinviks arboret !
Over: Nokre planter er allereie i blomstring. På dei fleste er det likevel berre knoppar enda, nokre i ferd med å sprette. Knoppane varslar ei rik blomstring i år!