00 Museet a

Sesongstart på museet

Bøfjorden Sjøbruksmuseum startar ny sesong søndag. Og på sjølvaste 7. juni i år må temaet sjølvsagt bli «Okkupasjon og frigjering». Kjøkenet serverer sodd-middag og kaffe.

2015 06 07 Plakat.jpg

00 Museet c Gravferd Gunnar P Bøe BØ KAI.jpg
Surnadal mista tre unge soldatar i krigen. Her frå gravferda til Gunnar P. Bøe.
 

Eit fyldig lysbiletkåseri tek for seg dramatiske hendingar og daglegliv frå krigstida 1940-1945. Minnet om dei tre falne soldatane frå Surnadal, Anton Husby, Hallvard Røen og Gunnar P. Bøe, står sentralt. Like eins bombeangrep og fangeflukt i bygdene.

00 Museet d Orsetbua.jpg

Mangel på varer under okkupasjonen. Her er ny forsyning kome til Orset-bua i Bøfjorden.


Ein får høre opptak av intervju med soldatar som deltok og like eins glimt frå Olav Bergheims notat om dagleglivet i Surnadal under okkupasjonen. Dersom nokon i salen har minne og historier å fortelje, er det særleg velkome. Rørande historier frå frigjeringa i 1945 rundar av kåseriet.

Bøfjorden Historielag opnar med dette sin 21. sesong med temadagar på museet og lovar mange interessante søndagar fram til og med 20. september.


00 Museet a.jpg
- Velkomne til ny sesong! seier styret i Bøfjorden Historielag – her med eitt av klenodia på museet, modell av barken «Lingaard». Frå venstre Inge Dønheim, Ragnhild Skrøvset, Gunnvald Bøe, Bernt Bøe og Inger Lise Heggem.
 

00 Museet b.jpg
Historielagsleiar Bernt G. Bøe og ei av mange i dugnadsgjengen, Anne Grete Sollid, opnar dørene for den 21. sesongen på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.
 

00 Museet e Bomba ved Kua.jpg
- Her ved Innerøra ligg ei udetonert bombe frå april 1940, fortalte Gunnar Skrøvset (1919-2013) under ei kulturvandring på Settemsørane.