DSC_0426

Sigrid og Elin reinskar hus for uroleg og tung energi

Sigrid Høston Bråten og Elin Landsem hjelper folk som har slite med uforklarlege hendingar og uforklarleg stemning i husa sine. Dei tek imot beskjedar og reinskar rom.

Folk tek kontakt med Elin og Sigrid når dei opplever uro i heimen sin som dei ikkje kan forklare. Ofte slit dei med hovudpine og lite energi.

– Når eg kjem inn i ein heim dei treng hjelp, kjenner eg ofte at det kan vera veldig tungt enkelte stader i huset, seier Sigrid. Eg kan kjenne ulik energi, redd energi, trist energi.

– For eksempel om ein person har ligge sjuk i ei seng i fleire år kan det hende han eller ho legg att ein tung energi i senga, eit energiavtrykk. Dette skjedde kanskje meir før, når eldre låg heime til dei døde.

– Av og til er det nokon på den andre sida som har ein beskjed til nokon i huset, forklarar Elin.

Ho får ofte små glimt av situasjonar og menneske, eller namn og årstal, frå det dei kallar «den andre sida», som kan hjelpe dei som opplever uro i husa sine.

– Vi får bitar her og der som vi må sette saman, som eit puslespel. Eg har ei bok der eg noterer meg det som kjem til meg. Det er veldig spanande å møte folka vi møter og finne ut om informasjonen stemmer, men det er ikkje det viktigaste. Det viktigaste er å hjelpe dei å få fred og ro i heimen, seier Elin.


Det har vorte stille

– Når vi kjem til ein heim, går vi rundt i huset og løyser opp i uroleg og tung energi. Vi brukar ofte instrument, som hjelper oss, fortel Sigrid.

– Eg og Elin jobbar veldig godt saman, ofte ser vi berre på kvarandre, så veit vi kva vi skal gjere.

– Vi går inn med ei positiv innstilling og fokus på å hjelpe, både dei levande og det som skapar uroa. Dei fleste gongane er det kjente og kjære som ynskjer å gje seg til kjenne, eller som har ein beskjed. Vi fører alle over til den andre sida. Mange seier at for eksempel bestemor kan bli, men vi meiner at bestemor framleis kan komme på besøk om vi fører henne over til lyset, da heng ho ikkje igjen ufrivillig, forklarer Sigrid.  

Sigrid og Elin har hjelpt familiar i fleire kommunar i distriktet. Dei har sjølvsagt teieplikt, men kan avsløre at dei har fått mykje gode tilbakemeldingar.

Ungar, som sjølvsagt ikkje veit at Sigrid og Elin har vore der, søv godt i sengene sine, noko dei ikkje gjorde før. Det elektriske fungerer igjen rett etter at dei har vore der. «Det har vorte stille», går igjen som tilbakemelding.

– Kva som har hjelpt dei, at det er tilfeldig eller at det er oss, det bryr vi oss ikkje så mykje om. Om familiane får det betre så er vi fornøgde.

DSC_0430.jpg
Sigrid Høston Bråten (t.v. med søkepinnar i hendene) og Elin Landsem.


Hatt evner sidan barndommen

Elin kjente på mange uforklarlege kjensler som liten, ho kunne fort skifte sinnsstemning utan grunn. Ho tok opp kjensler frå plassar og situasjonar utan å forstå kvifor, og ho var veldig mørkredd.

– Heldigvis var familien min veldig opne når eg fortalte dei om kva eg følte og såg, men det var ikkje før eg møtte Sigrid at eg fullt ut forstod kva eg opplevde og korleis eg kunne bruke evnene mine, seier Elin.

Elin kontakta Sigrid, som driv med tankefeltsterapi for å få hjelp med redsla mot mørkeret. Ho vart kvitt problema sine og fekk i tillegg ein god venn og samarbeidspartner.

– No takkar eg dei som tek kontakt med meg frå den andre sida i staden for å vera redd når dei gjer det, seier Elin med eit smil.

– Eg er så takknemleg for Sigrid. Å ha desse opplevingane har gjort meg så audmjuk. Audmjuk til livet og naturen, og til all slags folk rundt meg. Eg ser folk betre no, kva slags stemning dei er i og om dei har det bra.

Sigrid har vakse opp i ein familie med openheit til det ukjente.

– Oldemor fortalte om vardøger og mormor såg småfolk, ler Sigrid. Farmor spådde i kaffegrut, men det var «hysj, hysj». Eg har aldri følt at evnene mine har vore skumle eller at nokon ikkje har godteke meg for den eg er.

DSC_0425.jpg


Vil skrive bok

Tankar, opplevingar og bilete har samla seg opp gjennom åra, noko Sigrid har lyst til å gjera noko med. Tankar om å skrive bok dukkar oftare og oftare opp.

– Folk er ikkje så skeptiske til det vi held på med lenger. Dei fleste er nysgjerrige og har lyst til å vite meir. Eg seier at eg hentar ned det eg kallar gudskrafta eller kjærleikskrafta inn i hjartet og uti hendene mine. Så pøsar eg krafta ned i det tunge og takkar for det etterpå. Det å vera takknemleg og audmjuk er viktig i det vi held på med.


Ingen heiltidsjobb

Dei har ikkje reinsking av hus som heiltidsjobb nokon av dei, det er meir ein hobby. Det er også fleire i distriktet som held på med det same, så det er fleire å få hjelp med.

Det som gjer at dei fortsett med dette og bruker fritida si på det er gleda av å hjelpe folk.

– Vi er spesielt opptekne av å hjelpe barn som ikkje har det bra. Det er viktig å ta barn som er redde på alvor og ikkje latterleggjere dei, seier Elin.


–​ Kan ikkje bry oss om kva andre tenkjer

At nokon kan tykkje at det dei driv med er berre tull, bryr dei seg ikkje mykje om.

– Det som er annleis no, samanlikna med før, er at vi er heilt opne om kva vi gjer. Eg snakka med ein som har jobba som prest i Rindal, og han hadde gjort mange husreinskingar, men det var i løynd. Han forklarte meg også korleis han gjorde det, seier Sigrid.

– Vi er ikkje spesielle folk, men vi prøver å vera medvitne på kreftene og energiane rundt oss, og har lært oss å bruke dei. Best av alt er likevel at vi får hjelpe andre, seier Sigrid og Elin.

DSC_0419.jpg
Sigrid Høston Bråten med klangtallerkenar.