IMGP3001

Sikkerhetsdag

10.-klassen ved Rindal skole fekk fredag ei engasjert og fengande innføring i sikkerhet både inne og ute i trafikken av brannsjef Tor Arne Moen, som var intens klar på at han ikkje ønska å møte att ungdommane i situasjonar han viste fram under foredraget.

IMGP2976-001.JPG

IMGP2979.JPG

- Ikkje sett deg i den situasjonen at du må dragast ut av ein sundkræsja bil, seier Tor Arne Moen!

I det halvannan time lange foredraget for den lydhøre forsamlinga, fekk vi høre om brannfarane med levande lys og uvøren matlaging i heimen.

- Talglys er koseleg, - og livsfarleg!

Ungdomsrom kan også vere farlege med mykje elektronikk, - og med høgtalarar større enn kjøleskapet mitt, sa Moen.

Ulmebrann på soverom er krise! Viktig med seriekopla ryvarslarar. Og når dei skal ut på hybel, må dei sørge for at det er rømningsveg!

IMGP2978.JPG

Mest vekt vart det lagt på forholda i trafikken for den lyttande elevflokken. Vi fekk høre kva vi skulle gjere om vi kom til ein ulykkesstad, og ikkje minst - kva vii skulle gjere for å halde oss unna ulykker.

Don't drink and drive - og ikkje sitt på med ein som har drukke alkohol!

- Ikkje sitt på med tullkjørarar, sa Moen, - sei at du er bilklæn og må spy! Hjelper det ikkje, så stikk fingrane i halsen og spy over DVD-skjermen og dashbordet! Slik fekk vi reine, sterke surndalsord, klårt og tydeleg, og ikkje pakka inn i offisielle ordbokuttrykk!

Foredraget var i tillegg forsterka med realistiske bilde og videoar, med både ulykker, skrik og blod!

Siste delen handla om moped- og motorsykkelkjøring.Første bud var å vere godt kledd! Reportaren vart så skremt at han vurderte å sette att 4-hjulingen og gå heim! Heldigvis går den berre 40 km/t.

Det er ein del trimma mopedar i dalføret. Verste konsekvensen av det er ikkje at du får ei bot frå politiet. Skadar du deg sjølv eller andre, kan det få konsekvensar du må slite med resten av livet!

Til slutt slo Tor Arne Moen fast at ingen av oss blir heltar av å kjøre fortast nedover bygda!

Orda og måten dei vart framført på, gjorde nok at vi alle fekk noko å tenke på. Ingen vil oppleve det vi fekk sjå på videofilmklippa.

IMGP2986.JPG

I pausen før brannvesenet viste fram ei øving, vart vi avkjølt med is!

IMGP2992-001.JPG

Nedafor ser du ei bildeserie der brannmannskapa viser korleis dei dreg ut ein bil for å få ut skadde personar. Medan dei jobbar med karosseriet, kan ambulansepersonell sjå til den skadde.

IMGP3001
IMGP3002-001
IMGP3004
IMGP3005
IMGP3007
IMGP3009
IMGP3011
IMGP3012
IMGP3014
IMGP3016
IMGP3019
IMGP3021
IMGP3023
IMGP3024
IMGP3026
IMGP3031-001