SILDBALL
SILDBALL Jakta på opphavet til sildballen er altså i gang og det blir interessant å følgja med. Eg tvilar på at rindalingane, eller for den saks skuld surndalingane, var dei første til å laga sildball. Liv Inger Mæle skriv i samband med sildballoppskrifta si i kokeboka Litt tå kvart at Sildball er blant anna kjent frå Nordmøre. Henry Notaker er ekspert på norsk mathistorie og har gjeve ut bøker om temaet, så kanskje han veit noko? Ragnar Halgunset viser til oppskrift i eit hefte frå Statens Kornforretning i Oslo. Eg og har eit hefte der sildball er med. Det er utgjeve i januar 1936 av Selskapet for de norske Fiskeriers Fremme i Bergen og har tittel Billige Fiskeretter. Etter innleiing av Trygve Haaland, sekretæren i selskapet, er det eit føreord av frk. Gunlaug Thorkildsen. Ho er titulert som Bestyrerinne av Bergen komm. Husmorskole, og det er ho som står for oppskriftene. Både Haaland og Thorkildsen understrekar kor viktig det er å eta fisk. Som grunngjeving for å gje ut heftet skriv Thorkildsen: Tillagning av fisk som kokt og stekt kan i lengden bli ensidig og trettende. Derfor er de forskjelligartede Billige Fiskeretter bestemt som en veiledning for de norske hjem så at der kan bli mer avveksling i tillagningen av fiskeretter. Så til oppskrifta: Sild Kvar no enn sildballen kjem i frå- god er han! Med helsing Leif Ragnar Fiske |