Sildsjau D Notbåtar_700x547

Søndag 19. august

Sildsjau på museet

Sildefiske er tema på Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag. Bygda har rike tradisjonar på «sildefeltet». Særleg handlar det om landnotfisket denne gong.

Veteranar vil fortelje om storhetstida midt på 1900-talet. Foto og utstyr på museet illustrerer «sildsjauen» som sette bygda i ekstase kvar sommar. Særleg informativ er dokumentarfilmen dei laga på Hamnes for nokre år sia.

Ufred mellom mellom tilreisande og innabygds notlag kunne ende tragisk, får ein høre. Langt meir fornøyeleg framstår feiden i 1870-åra, mellom fiskarane og fjordampen som skremte silda i Settemsbukta! 
Men drama og ufred er ingen ting mot den velsigning som silda har brakt med seg gjennom hundreåra!
 
 

Sildenota vart tørka i nothenga på Skrøvsetholmen.

 

Sildarbeid på Skrøvsetskjeret i 1940.


Notbåtane til «Bøfjord» og «Skrøyfa» rundt 1920.