Siri Skjerve ingress porten-crop

Siri lagar kunst av skinn

I ei lån i Todalen møter vi kunstnaren Siri Skjerve. Ho lagar kunst av skinn av mange slags dyr. Siri oppfordrar oss til å senke guarden i møte med kunsten hennar og tole at den ikkje har noko fasitsvar.

Siri får skinnet frå Jutulskinn i Vågå. Der jobbar Sofie Kleppe, som er meister i tradisjonsgarving. Dette er eit handverk med urlange tradisjonar i Noreg, men som nesten ingen kan lenger. Ho får tilsendt skinn av blant anna kanin, rev, bever, jerv, reinsdyr og geit. I tillegg brukar ho for eksempel tørka grisetarmar i kunsten sin.

– Eg har tenkt å byrje med å sende hjorteskinn frå Todalen til Sofie i Vågå, fortel Siri.

– Det å bruke lokale dyr i kunsten min er noko som eg lenge har ønska. Det gir god meining å bruke lokalt tilgjengeleg materiale. I framtida har eg lyst til å starte med noko garving sjølv. Plana er å byggje ein verkstad på bustadtomta vår.


Frå leire til skinn

Ho er utdanna kunstnar frå Kunsthøgskulen i Bergen. Det var leire som var hovudmaterialet hennar den gongen, men så fekk ho augo opp for skinn.

– Utgangspunktet mitt er mennesket og kroppen og det kroppslege. Grensa mellom oss og verda rundt oss. Skinn kan seie mykje om det som er inni og samtidig verne oss mot det som er utanfor, skinn er difor tosidig, det vernar men samtidig kommuniserer det.

Ho fortel at ho liker korleis skinnet er både vakkert og nært, men også kan vera ekkelt fordi det minner om menneskehud. I kunsten hennar likar ho at feitt og pelsrestar frå dyret er synleg.

– Eg er interessert i og vil vise fram råskapen i skinnet. Materialet skal ikkje vera for tilarbeidd.


Kunst treng inga forklaring

Siri liker godt å diskutere kunst og seier at kunst kan samanliknast med musikk. Vi har alle forskjellig musikksmak, og det finst mange musikksjangrar, slik er det i kunsten også. Det er ikkje alltid lett å forklare kvifor ein liker noko framfor det andre, men treng vi å ha ei forklaring på kvifor?

– Det er fint å høyre kva ein kunstnar tenkjer om verka sine, men det er publikum sitt møte med kunsten som er det viktigaste, seier ho. Eg ynskjer at verka mine spelar på noko i menneska som ikkje treng å forklarast. Å oppleve kunst tilfører livet djupne og refleksjon.

Det er mange måtar å møte kunst på ifølgje Siri. Mange har frykt for å ikkje forstå og føle seg dumme, men det har dei ingen grunn til å føle. Ein kan godt ha praktiske møte med kunsten. Kva ser du? Kva kjenner du om du tar på det? Kva slags dyr er skinnet frå?


Sårbart yrke

Å vera kunstnar er ikkje ein enkel jobb, ein må kjempe for livets rett både økonomisk og det å få anerkjenning for at det er ein profesjon.

– Ingen jobbar som kunstnar for at det er lett, seier Siri.

Ho har tidlegare fått eit arbeidsstipend frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Det er ho veldig glad for.

– Det er ei anerkjenning på kunstnarskapen og ikkje minst lønn for jobben ein gjer. I tillegg får ein frigjort tid til å jobbe konsentrert i ein periode når ein får eit sik stipend, fortel ho. Vi som er profesjonelle kunstnarar brukar mykje tid på å søkje på kunstnarstipend, prosjektmidlar og utstillingsplassar. 

Siri har verka sine på ulike utstillingar i landet. Trøndelag senter for samtidskunst har ei vandreutstilling i haust der Siri deltek. Frå 13. august kan du sjå utstillinga i Trondheim.

Siri Skjerve 2 porten-crop.jpg

Todalen, ein god arbeidsplass

Medan vi drikk kaffe og et brødskive ser vi to rådyr som spring forbi på ekra utanfor huset. Siri smiler.

– Samtidskunsten treng forskjellige røyster. Kanskje eg har ei anna røyst fordi eg bur i Todalen, langt frå dei pulserande kunstnarmiljøa ein finn i store byar. Todalen er ein veldig bra plass å jobbe som kunstar. Her har eg rom, ro og nærleik til materiala eg jobbar med.

– Todalen gjer meg unik, seier ho med eit glimt i auge.

Verket heter As We Evolve III og er fra prosjektet As We Evolve. Foto Siri Skjerve.jpg
Verket heter As We Evolve III og er fra prosjektet As We Evolve. Det er laget i 2020. Materiale: Reinshud og vokset lintråd. Foto: Siri Skjerve

Verket heter Unsaid Mask IV og det er fra prosjektet This Is For Your Own Protection..jpg
Verket heter Unsaid Mask IV og det er fra prosjektet This Is For Your Own Protection. Det er laget i 2019 og er laget av pelsskinn av rev, reinshud, metallspenne og vokset lintråd. Foto: Siri Skjerve.

Verket heter There Is Nothing You Can Do About It og det er fra prosjektet As We Evolve..jpg
Verket heter There Is Nothing You Can Do About It og det er fra prosjektet As We Evolve. Det er laget i 2020 og er laget av reinshud, grisetarmer og vokset lintråd. Foto: Siri Skjerve.