skuleavslutning 1_250x160

Stilfull avslutningsfest på Surnadal ungdomsskule

Siste kveld med gjengen

Torsdag kveld samla avgangselevar, foreldre og lærarar seg til ein siste kveld på Surnadal ungdomsskule. Elevgjengen som no tek farvel med kvarandre etter ti år, har hatt eit sterkt samhald. Dermed vart det ei litt vemodig stemning, men også mykje latter, flotte talar, musikk og sjølvsagt utdeling av vitnemål. Roald Boge har sendt oss bilder frå arrangementet - sjå stor bildekavalkade her!

Som ungdomsnettstaden SurnadalsTAVLA skriv i sin reportasje frå avslutningsfesten:

"Fra nå av skilles nok mange veier, noen velger å reise ut av kommunen og noen ut av landet, for å gå den perfekte vgs-linja videre, andre vil kanskje ha et friår, men de fleste blir nok og sees 50 meter bortenfor ungdomskolen, nemlig på Surnadal Videregående skole". Sjå reportasjen frå Trollheimsporten sin samarbeidspartner SurnadalsTAVLA her.

Klikk på bilda under for større versjonar.

skuleavslutning 1_1024x656
Årets avgangselevar er ein musikalsk gjeng, og gjorde mellom anna stor lukke med prosjektet
skuleavslutning 2_1024x588
Avslutningsmarkeringa vart ein kveld med både rørande talar, humor, tårer og latter. Kenneth Grytskog på talarstolen.
skuleavslutning 3_1024x592
Stolte foreldre fekk oppleve både kor- og solosong frå 10.klassingane.
skuleavslutning 4_1024x433
Gjengen samla til fotografering.
skuleavslutning 5_1024x776
Det vart delt ut vitnemål, og alle avgangselevane gjekk ut med god på både orden og oppførsel.
skuleavslutning 6_1024x671
Fotografering, og så var ti års grunnskule over.
skuleavslutning 7_1024x765
Elegante dressar, flotte bunadar og stilfulle kjolar.
skuleavslutning 8
Jøran, Daniel og Hans Olav sørga for rockestemning.
skuleavslutning 9_1024x464
Anita Bugge heldt tale på vegne av lærarane.