NettskoleRessurs_250x376

Siv Teknikk konkurs

Siv Teknikk i Surnadal er konkurs, og åtte tilsette mistar arbeidet. Kostnadane vart for store for bedrifta som jobba med termisk sprøyting og maskinering og som hadde offisiell opning i september 2008. Gründarane Jan Tore Andersen og Asbjørn Saltrø skal saman med tidlegare dagleg leiar Magne Løfaldli allereie ha vore i kontakt med potensielle investorar som skal vere interessert i å starte ny drift.

Ifølgje tk.no måtte styret til skifteretten i går, tirsdag, da gjeldssanering ikke vart muleg.

Siv Teknikk oppsto på ruinane etter at røyrselskapet Wavin forlot Surnadal for nokre år sidan. Siv Teknikk var eigd av moderselskapet Surnadal Industri Vekst (66 prosent), medan Jan Tore Andersen og Asbjørn Saltrø hadde til saman 34 prosent. Aksjekapitalen er tapt for alle involverte.

2009 skal etter det Tidens Krav kjenner til ha vore svært vanskeleg, og endte med nærare fire millionar kroner i minus. Før jul skal selskapet ha bedt om kommunal garanti på lån for å sikre at dei tilsette fekk løn. Seinast i forrige veke skulle formannskapet i Surnadal handsame ei sak med spørsmål om ytterlegare tilskot, men denne saka vart aldri handsama sidan situasjonen forverra seg slik at kunkurs var uunngåeleg.

Styreleiar Roy Johnsen forklarar konkursen med dei utfordrande tidene som finanskrisa har ført til.

- Dei tilsette har vist ein voldsom lojalitet, og samtlege, inkludert dagleg leiar Ann Kristin Tørset, er motivert til å bli med vidare dersom det lykkast å skape fundament for vidare drift.

Siv Teknikk leverte oppdrag og produkt til industriselskap på land. Hydro Aluminium og Hustad Marmor var blant dei største kundane. I tillegg til landbasert verksemd, har Siv Teknikk også levert tenester til offshoreindustrien.