Sjeldent besøk

Sjølv om turistsesongen ikkje er i gang enda, så kan det rapporterast om eit svært sjeldan besøk i Lomundsjøen. Fugleekspertar har observert ei hjelmfiskeand der i dag! Foto: Hans Martin Høyby.

Hjelmfiskeand (Mergus cucullatus) er ei prydand som eigentleg hører heime i Nord-Amerika. Det er tidlegare  berre 6 godkjente observasjonar av hjelmfiskeand i Norge, fortel Øystein Ålbu til Trollheimsporten, men ingen før i Møre og Romsdal. Den er sett ein gong på Årungen i Akershus tidlegare i år. Det er også muleg dette er ein fugl som har rømt frå fangenskap.
For betre bilde, sjå denne nettsida!