
Sjøaure framfor kraft
Myrholten Kraft AS har søkt om løyve til å overføre Litjbekken til Nedre Myrholtvatn. Myrholten Kraft AS fekk 28. januar 2009 konsesjon til å byggje Myrholten kraftverk, som vil gje ein årleg produksjon på 3,6 GWh. Kraftverket er enno ikkje realisert.

Overføringsrøyret ville hatt ei maksimal slukeevne på 115 l/s, noko som ville auka produksjonen i kraftverket med 0,87 GWh. Overføring av Litjbekken vil føre til at restfeltet nedanfor inntaket dominerer vassføringa i bekken, ettersom det ikkje er planlagt slepp av minstevassføring. Eit inngrepsfritt område (INON-område) prioritert av fylkeskommunen vil reduserast med 1 kvadratkilometer, og det vil bli store terrenginngrep, heiter det i vurderingane frå NVE, ifølgje fish.no.
Den planlagde overføringa vil gje redusert vassføring i Bævra, på ein 2,5 kilometer lang strekning. Undersøkingar viser at nettopp denne strekninga i Bævra er viktig for reproduksjon av sjøaure. Samstundes viser foreløpig ny kategorisering at Bævra både har betydelig redusert ungfiskproduksjon og for liten gytebestand som følgje av mellom anna vassdragsregulering.
Sjølv om Litjbekken gjev eit lite bidrag til hovudelva, så har bekken i seg sjølv muligheit til å fungere som eit lokalt gyte- og oppvekstareal. Samstundes vil eit kvart bortfall av vatn i Bævra føre til ytterlegare press på fiskebestanden, slik NVE vurderer det.
NVE meiner skadane og ulempene i høve til allmenne interesser er større enn fordelane ved overføring av Litjbekken. Kravet i vassressurslova er derfor ikkje oppfylt. På denne bakgrunnen er søknaden avslått.

.png)

