Annonse:

Sjøbruksmuseet jubilerer

Med over 20.000 besøkande på sjøbruksmuseets sommarsøndagar sia starten i 1995 har Bøfjorden Historielag god grunn til å feire 25-års jubileum. Det skjer på kulturminnedagen søndag - med fargerike tilbakeblikk.

Da bøfjordingane reiste sitt nye grendahus i 1994, vart det gamle ungdomshuset Bygdevangen ledig. Dermed slo mannskoret i bygda til, stifta Bøfjorden Historielag på ein av sine øvingskveldar og fekk overta Bygdevangen for å gjera huset til sjøbruksmuseum.
 

Levande miljø – godt besøkt

Bygdefolket skaffa straks mykje fiske- og skipsutstyr. Men i staden for å laga ei samling med døde gjenstandar, satsa historielaget frå første stund på å skape eit levande museumsmiljø - med kaffe og program kvar sommarsøndag.

Såleis har Bøfjorden Sjøbruksmuseum til no hatt bortimot 400 temasøndagar - alltid med lokalhistorisk program. Besøket har vore godt - i gjennomsnitt mellom 50 og 60. Det tilsvarar innpå 20 prosent av folketalet i bygda. Totalt har eit publikum på over 20.000 besøkt museet desse søndagane.

Sjøbruksmuseet a.jpg
Bøfjorden Sjøbruksmuseum har i snitt hatt over 50 søndagsbesøkande i 25 år. (Foto: Bernt G. Bøe)
 

Glimt frå 25 aktive år

Lerretet gir søndag varierte glimt frå temadagane - med både humor og historikk. Ein viser også andre deler av arbeidet som etter statuttane skal «ta vare på og gjera levande» tradisjon og levd liv, ikkje minst frå sjøbygdene.

Det gjeld Bøfjord-helger, Fjorddagar, turar, årbøker, eventyr, dialekthefte og andre publikasjonar, ansvar for konsertar og kabaretar, utdeling av den årlege Trollbakkprisen, eigarskap og drift av kyrkjebåten «Hjelmkonnå», undervisningsopplegg for skuleelevar og ein god del andre tiltak.

Markering av drifta høver godt på kulturminnedagen - som også er sesongslutt med trekning av årets sommarutlodning på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.

Sjøbruksmuseet b Fjorddag 2018.jpg
Saman med sundbåten «Framnæs» har historielaget arrangert årlege fjorddagar. (Foto: Bernt G. Bøe)

 

Sjøbruksmuseet c SEGL & W a Sept 08.jpg
Bøfjorden Mannskor starta laget og har vore dyktige pådrivarar i arbeidet. (Foto: Bernt G. Bøe)

Sjøbruksmuseet d.jpg
Dei yngste finn seg godt til rette med sjøbruksutstyr på museet. (Foto: Bernt G. Bøe)

Sjøbruksmuseet e Markaslått og seterliv Bøfjorden 030906.jpg
Nils Tore Leivdal og Todalskoret hadde programmet «Markaslått og seterliv» i 2006. (Foto: Bernt G. Bøe)

Sjøbruksmuseet f Hjelmkonnå b.jpg
Laget arrangerte historisk kyrkjedag i Stangvik i 2010. Her landar kyrkjebåten «Hjelmkonnå» ved vorren. (Foto. Bernt G. Bøe)

Sjøbruksmuseet g Gamle Nordmør.jpg
Bøfjorden Historielag står bak årboka «Gamle Nordmør». (Foto: Bernt G. Bøe)
 

ANNONSE:

2020 09 13 Museet Plakat.jpg