Sjøbruksmuseet opnar A

Annonse:

Sjøbruksmuseet opnar

Bøfjorden Sjøbruksmuseum er i gang att. Søndag er det ope hus heile nonsøkta. 

Bilde: Søndag er det igjen opne dører på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.

Åtte søndagar framover blir det program på museet – alt under enkle, forsvarlege koronatiltak. Som vanleg kjem «Dagens Tema» i tre-tida. Denne gong som biletkåseri med massevis av folk på lerretet – personprofilar, forsamlingar, båtar og mannskap, bygningar og begivenheter frå nær fortid. Her kan gjerne publikum sjøl bidra med gjenkjenning.

Søndagen på museet blir ei uformell oppfølging av Elvanessetdagane denne helga – som dermed kan seiast å by på program «tre dagar til ende».

Sjøbruksmuseet opnar B Framhald.jpg
Lerretet gir gjensyn med barnelaget «Framhald» frå ca 1930. Mange finn slektningar her!

Sjøbruksmuseet opnar C Mannskap Skrøyfa.jpg.jpg
Mannskapet på legendariske «Skrøyfa» for ca 80 år sia.

Sjøbruksmuseet opnar D Stangvik c 1890 Fam Ebbesen.jpg
Stangvik prestegard har fått ny rolle i sommar. Søndag viser museet unike foto frå sokneprest Ebbesen si tid rundt 1890.

Sjøbruksmuseet opnar E 2020 07 26 Plakat.jpg

Tekst/Bilde: Bøfjorden Historielag


Bøfjorden Historielag er medlem av Trollheimsporten.