
Sjøbruksmuseumet sesongopnar søndag
Sommarsesongen på Bøfjorden Sjøbruksmuseum startar for fullt i dag. Til slutten av september blir det samling med kaffe og program kvar søndag. Historielaget har ominnreidd museet så dei verdifulle samlingane no kjem enda betre til sin rett.
"Primstav og merkedagar" er tema denne gongen. Med fotokåseri vandrar ein året rundt og stansar ved jensuku, grøsmess, mikeli og andre tidemerke som det knyter seg tradisjonar, symbolikk og anekdoter til. Og på kjøkkenet har Gyda og Ann-Mari hengt på kjelen!

.png)

