petros simon bokre og sondre næss bolme

Sju på rad for Surnadal

Surnadal vann fortent 3-1 mot Dahle i årets siste herrekamp på Syltøran. Mål av Sander Smevoll, Bjørnar Dalsegg Sæter og Petros Simon Bokre sikra blåtrøyene seier nummer sju på rad.

Surnadal sitt A-lag for herrar er no sikra ei topp 3-plassering i 4. divisjon etter at dei vann toppoppgjeret mot Dahle 3-1 søndag.

Surnadalingane gjorde to endringar på laget som slo Midsund på bortebane førre helg. Midtstoppar Ørjan Nes Haugen måtte stå over dagens kamp på grunn av ein strekk i låret, og vart erstatta av Knut Ola Høvik. I tillegg starta Stein Todalshaug for Frikk Hauglann Talgø.

Heimelaget tok initiativet i kampen frå start, og toppscorar Sander Smevoll, som starta kampen på høgrekanten, var nær scoring etter berre seks minutt. Han skar inn i bana, spelte vegg med venstrekant Erik Kvendset Andersen og avslutta frå god posisjon. Ballen gjekk imidlertid via eit Dahle-bein, som resulterte i det første av mange Surnadal-hjørnespark i kampen.

Berre tre minutt seinare skulle kombinasjonen Smevoll-Andersen gje teljande resultat. Smevoll slo ein nydeleg crossar ut til Andersen, som finta seg innover i bana og skaut. Skuddet til Andersen vart blokkert, men ballen trilla vidare til Smevoll, som kontant dunka inn sitt 18. mål for året. 1-0.

Etter 20 minutt måtte Knut Ola Høvik ut med skade, og Sander Smevoll tok plass i midtforsvaret saman med kaptein Vegar Brøske. Inn på kanten kom Frikk Hauglann Talgø.

Like etter posisjonsbyttet vart ei pasning frå Smevoll, som elles spelte ein veldig god kamp både på kant og i forsvar, plukka opp av Dahle. Dei fekk til slutt spelt fri tidlegare KBK-spelar Tobias Larsen Lysø ute til høgre i straffefeltet. Lysø sette ballen sikkert i det venstre hjørnet, og dermed stod det plutseleg 1-1.

Surnadal og Smevoll var nære å svare få minutt etter, men frisparkforsøket til toppscoraren gjekk like utanfor mål. Heller ikkje Bjørnar Dalsegg Sæter traff innanfor stengene då han dunka til eit innlegg frå Frikk Hauglann Talgø på heil volley, og dermed gjekk laga til pause med uavgjort.
 

Bjørnar Dalsegg Sæter først målscorar, så servitør

Den andre omgangen starta som den første avslutta, med Surnadal som det førande laget mot eit lågtliggande Dahle, som venta på kontringsmulegheiter.

Webjørn Holten sitt mannskap hadde imidlertid god kontroll bakover, og var nær å ta leiinga på ny då keeper Bjørnar Husby så vidt fekk slått eit frispark frå Andreas Dalsegg Sæter over til corner. 

Storebror Bjørnar Dalsegg Sæter si avslutning fekk ei betre skjebne, då storscoraren dunka ballen i nettmaskene etter nok eit Surnadal-hjørnespark. 2-1 til Surnadal etter 55 minutt.

Etter scoringa hadde Surnadal framleis ballen mest, og med ein snau halvtime att burde heimelaget auka leiinga si. Etter to dødballar med berre eit par minutts mellomrom, fekk Andreas Dalsegg Sæter og Vegar Brøske avslutta, men begge avslutningane gjekk over Dahle sitt mål. Som mot Midsund førre veke, hadde Surnadal meir enn nok av sjansar til å punktere kampen utover i den andre omgangen.

I kampen mot Midsund straffa det seg nesten, då motstandarane utlikna før Andreas Dalsegg Sæter sikra Surnadal seieren på overtid. Surnadalingane hadde ingen intensjonar om å sette seg sjølv i same situasjon igjen, og etter 78 minutt sette Petros Simon Bokre inn 3-1.

Dahle kasta på dette tidspunktet fleire og fleire spelarar i jakta på utlikning, noko som gav store rom for Frikk Hauglann Talgø, Bjørnar Dalsegg Sæter og Sondre Næss Bolme, som på dette tidspunktet utgjorde Surnadal sin angrepstrio. 

Og 3-1-målet til Petros Simon Bokre kom etter ein overgang der Bjørnar Dalsegg Sæter skaffa seg rom ute til høgre, og mannen bak 2-1-målet fann Bokre på 15-16 meter, nesten midt framfor mål. Indreløparen sette ballen sikkert til side for Dahle-keeper Bjørnar Husby, og scora sitt tredje seriemål for sesongen.
 

KBK 2 serievinnarar - Surnadal nummer to eller tre

Fem minutt før full tid fekk Dahle eit mål annullert for offside, medan Surnadal fekk enorme rom å kontre i. Laget hadde fire-fem store kontringsmulegheiter dei nok burde utnytta betre enn dei gjorde, men då dommar Hans Georg Snekvik bles i fløyta for siste gong stod det 3-1 på resultattavla. 

Dermed er laget sikra å ende framfor nettopp Dahle på tabellen, og det er no berre Eide og omegn som kan passere surnadalingane i siste serierunde. 

Før søndagens serierunde hadde Surnadal ei teoretisk mulegheit til å vinne avdelinga og dermed få spele kvalifisering mot avdelingsvinnaren på Sunnmøre om opprykk til 3. divisjon. Skulle det vere muleg måtte Surnadal vinne sine to siste kampar, medan serieleiar KBK 2 ikkje kunne ta meir enn eitt poeng på sine to siste. 

Og då 90 minutt vart passert i kampen mellom KBK 2 og Averøykameratene stod det 2-2, mellom anna etter scoring av tidlegare Søya- og Surnadal-spelar Vegard Gjul, men på overtid sikra KBK-stoppar Marius Olsen seriegull for kristiansundarane då han sette inn 3-2.

Ein runde før slutt har dermed Surnadal fire poeng opp til KBK 2, medan Eide og omegn på tredjeplass ligg to poeng bak Surnadal. I siste serierunde, som vert spelt neste laurdag, skal Surnadal spele borte mot formsterke KFK, medan Eide og omegn har heimekamp mot Midsund. I og med at Eide, som vert trena av tidlegare Molde-trenar Odd Berg, har betre målforskjell enn Surnadal, er truleg berre seier godt nok for Webjørn Holten & co for å sikre andreplassen. 

Surnadal sin høgreback, Lars Mogstad, som debuterte borte mot Volda i september 2012, spelte søndag sin 150. kamp for Surnadal.

Her ser du tabellen i 4. divisjon Nordmøre og Romsdal.
 

Kampfakta:

Surnadal-Dahle 3-1 (1-1)

Mål: 

1-0 Sander Smevoll (9.)
1-1 Tobias Larsen Lysø (21.)
2-1 Bjørnar Dalsegg Sæter (55.)
3-1 Petros Simon Bokre (78.)

Gult kort: Conny Månsson, Dahle. Ingen til Surnadal.

Surnadal sitt lag, frå høgre mot venstre (4-3-3):

Torstein Snekvik (Mattis Fiske inn i 46. min)

Lars Mogstad
Vegar Brøske (Kaptein)
Knut Ola Høvik (Frikk Hauglann Talgø inn i 20. min)
Steinar Heggset (Tore Bæverfjord inn i 65. min)

Sondre Næss Bolme (Sindre Fiske inn i 82. min)
Andreas Dalsegg Sæter (Geir Bævre inn i 87. min)
Stein Todalshaug (Sindre Hyldbakk Kvande inn i 75. min)

Sander Smevoll
Bjørnar Dalsegg Sæter
Erik Kvendset Andersen (Petros Simon Bokre inn i 65. min)


Ingressfoto: Petros Simon Bokre og Sondre Næss Bolme feirar Bokre sitt 3-1-mål.

sander smevoll 1-0.jpg
Sander Smevoll (til venstre i biletet) kan konstatere at avslutninga hans er på vei inn i det høgre hjørnet. 1-0 til Surnadal i det niande minutt.