tor arne moen 1_250x166

Skal øve på storulykke

4. og 5.mai blir det gjennomført eit omfattande kurs i Surnadal for redningsmannskap. Tor Arne Moen seier folk må vere klar over at særleg Skei-området blir berørt. - Ein del av øvingane kan sjå voldsomme ut, fortel brannsjefen.

Norsk Luftambulanse står bak kurset som skal setje alle nødetatar betre i stand til å handtere store ulykker med tunge køyretøy og mange skadde.

Utfordringane ved slike ulykker er mange, mellom anna fordi talet på skadde kan overstige transport- og behandlingskapasiteten. Tunge køyretøy stiller dessutan heilt andre krav til redningsutstyret enn vanlege personbilar, og dei skadde blir fort utsett for generell nedkjøling, sjølv på varme sommardagar.

- Takk og pris skjer det ikkje så mange store ulykker. Men når dei skjer, er det heilt avgjerande at redningspersonellet har nok erfaring. Difor er det viktig å trene på slike situasjonar, seier Tor Arne Moen.

Kurset i Surnadal 4. og 5. mai foregår i og utanfor kulturhuset på Skei og ved Industrikaia. Det blir mange praktiske øvingar, og fleire av desse er ifølgje brannsjefen temmeleg omfattande.

- Difor kan det tidvis sjå dramatisk ut, særleg på Skei. Men folk må altså vere klar over at dette er øvingar. Det same gjeld i Røtet, der det onsdag 5. mai frå klokka 1300 skal iscenesetjast ei stor bussulykke, understrekar Moen.