2020-03-009

Skapelsen - i Øvre Rindal kapell

Denne søndagen var det skapelsen som var tema for preika under familiegudstenesta i Øvre Rindal kapell der 6-åringane skulle få 6-årsbok. Alt under ingangsprosesjonen såg vi at dette vart ei gudteneste utanom det vanlege.

Ved inngangen fekk vi utdelt program for gudstenesta slik at vi kunne følgje med.

Dagens klokkar Berit Moan Møkkelgård orienterte om gudstenesta og oppfordra kyrkjelyden til å delta.

2020-03-08 10.59.44_690x462.jpg
Barnekor og 6-åringar gjer seg klare til inngangsprosesjon. Dei bar med seg blomster til alteret, og barnekoret viste med kostymene sine at vi skulle bli kjent med det mangslungne skaparverket.

2020-03-08 11.01.22_690x462.jpg
Søndagens prest, Åse Rugland frå Orkanger, pynta alteret med det barna bar fram.

2020-03-08 11.10.54_690x460.jpg
Trusopplærar Elsa Jensvold framførte preika i lag med barnekoret og kantor Johanne Bjørkhaug, som kommenterte med songar og musikk frå verket "Skapelsen" av Egil Hovland.

2020-03-08 11.32.26_690x460.jpg
Trusopplæringskontakt i soknerådet, Inger Bolme, delte ut 6-årsbok i lag med John Bendik Møkkelgård frå soknerådet. Det ser ut til at boka vart godt motteken.

2020-03-08 11.36.59_690x461.jpg
Under takkofferet til det kyrkjemusikkalske arbeidet i soknet, song barnekoret to songar akkompagnert av kantor Johanne Bjørkhaug.

Postludiet, "Til Elise" av 250-årsjubilant Ludvig van Beethoven, vart framført av Anne Tonning Negaard på orgelet i Øvre Rindal kapell.

Før gudstenesta starta vart kantoren hylla med fødselsdagssong leda av barnekoret!