7

Skapte si eiga julestemning

Heile 282 elevar stod på scena då Øye skule avslutta haustsemesteret med julekonsert i Storstuå torsdag.

Jula nærmar seg, og tradisjonen tru avslutta heile Øye skule hausten i Storstuå. Dei ulike trinna, frå første- til sjuandeklasse, hadde øvd inn kvar sine nummer, og framførte dei med stor entusiasme og songglede.

Konferansierane Elida Sofie Fiske og Iselin Bøklepp ønska velkommen, før dei yngste åpna med Hei tomtegubber og O jul med din glede. Andreklassingane følgde opp med Desemberkvelder og Hei hå nå er det jul igjen.

Deretter gjekk det slag i slag: tredjetrinnet med eit julepotpurri frå Melodi Grand Prix junior, fjerde med Jeg så mamma kysse nissen og Juletrall og femteklassingane med Hele jorden er pyntet og Himmel på jord.

Elevane i sjetteklasse song Julekveldsvisa og Heal the world, der det både var fleirstemt song og ulike grupper som song kvar sine delar - rett og slett imponerande av så unge elevar.

Sist ut var dei eldste elevane på Øye skule. Sjuandeklassa song Rockin' around the Christmas tree, før jentene på trinnet, godt hjulpe av sjølvaste julenissen, avslutta fellesprogrammet med ein flott dans.

Etter elevane sitt program heldt Kåre Herrem ein kort tale, der han ønska både elevar og personale god jul, før alle reiste seg og song Deilig er jorden.

Med Storstuå fylt heilt opp, vart dette eit mektig og fint punktum for haustsemesteret, og både hovudansvarleg Ragnhild Dahl og resten av dei medverkande har all grunn til å vere fornøgd med arrangementet.

For her var det rett og slett umuleg å ikkje komme i skikkeleg julestemning.

 

 

 

1
1. trinn
1
1. trinn
2
2. trinn
3
3. trinn
4
4. trinn
5
5. trinn
6
6. trinn
6
6. trinn
7
7. trinn
7
7. trinn
7
7. trinn og julenissen
konferansierer2
Konferansierane, Elida Sofie Fiske og Iselin Bøklepp
kåre herrem
Rektor Kåre Herrem ønska god jul
full sal
Med 282 elevar pluss tilsette var Storstuå stappfull torsdag
kåre herrem ragnhild dahl
Hovudansvarleg Ragnhild Dahl og rektor Kåre Herrem