Picasa

Skarheim, menighetshytta for alle

Først på 1960-talet gjekk menighetene i Rindal og Meldal saman om å skaffe seg ei menighetshytte i Vålåskaret i Meldal, ikkje langt frå kommunegrensa. Siste søndag var det felles gudsteneste i Skarheim, som er namnet på menighetshytta. Les om det her.

Tanken om ei menighetshytte dukka opp under ei synfaring Meldal kommunestyre hadde i Resdalen i samband med planlegging av vegen over til Rindal, fortel meldalingen Jo Foss. Kommunestyret hadde da pause i ei hytte som ei jeger- og fiskerforening hadde bygd mesta ferdig. No vurderte dei å selge den, og same dagen var takstnemnda på besøk. Jo Foss og Johan Syrstad var medlemmer av kommunestyret. Dei er visst ikkje heilt samde om kven som kom på idéen først, men begge tykte at dette måtte vere ei luggum hytte for menighetene. Dei tok kontakt med sokneprest Arne Sæter i Rindal. Han tykte også idéen var god og fekk med seg rindalingane på dette. Skarheim vart kjøpt av menighetene for 26 000 kroner. 

Jo Foss og Johan Syrstad var på gudstenesta denne søndagen i lag med Ola Sæther som har vore vaktmester og kontaktmann mesta alle desse åra. Ledar for styret no er Arnt Bjørkhaug frå Meldal.

Ola Sæther fortel at Skarheim utanom denne årlege samlinga, er mest bruka av speidarane og grupper frå vidaregåande skule. Han seier at Skarheim gjerne skulle vore meir bruka både av lag, familiar og mindre grupper, både sommar og vinter. Berre ta kontakt med Ola Sæther, tlf.     71 66 69 21

Etter mange dugnadstimar vart hytta ferdigbygd, og seinare er den utbygd både med veranda og anneks. Hytta har sommarvatn til veggen. Kjøkkenet har gasskomfyr. Elles er det vedfyring både med omn og peis. Annekset har gassomn. Det er to store soverom med på loftet. Hytta har solcellepanel for lys.

Godt merka turstig til Resfjellet og Mjukinn går tett forbi Skarheim.

 


Du finn Skarheim i den freda sætergrenda Vålåskaret ved Resvatnet ved fylkesvegen som går frå Rindal gjennom Romunstadbygda over til Å i Meldal. Det er mange hyttefelt i dette området.

 

Nedafor ser du bilde frå Skarheim.
Nedst ser du velkomstkomitéen. Det er beite for ungdyr i Vålåskaret.

 

Klikk på bilda nedafor og sjå dei større og som bildeserie etter at du har lese bildetekstene!

           

1-IMGP7862
Kjøkkenet
1-IMGP7863
Annekset
1-IMGP7864
Loftet
1-IMGP7865
- og andre loftet med madrasslageret
1-IMGP7866
1-IMGP7867
1-IMGP7868
Stua med langbordet
1-IMGP7869
Stua med salongen
1-IMGP7870
I stua er det peis
1-IMGP7872
Skarheim (kjøkkenhjørnet)
1-IMGP7871
Anneks og uthus
1-IMGP7854
Velkomstkomité
1-IMGP7876
Rindalingar og meldalingar som har gått til Mjukinn frå Skarheim