Skarheimhelg

Siste søndag var det Familiesamling på menighetshytta Skarheim i Vålåskaret.  Kvart år i august samlast menighetene i Rindal og Meldal på menighetshytta Skarheim som dei har i lag.

I år var det Meldal som hadde ansvar for gudstenestedelen, medan rindalingane hadde ansvar for kaffe til den medbrakte nista og for program etter pausen. Både unge og eldre hadde funne vegen frå begge bygdene. Mange har som tradisjon å møtast denne helga, verkar det som!
 
Elsa Jensvold hadde både koka god kaffe og planlagt leikar. Lagkonkurransen mellom Meldal og Rindal enda etter full innsats sjølvsagt i all vennskapelighet med uavgjort.
Her var oppgåva å få med mest muleg vatn frå gammelbrunnen i eit beger.