Illustrasjon Skattemelding - Bildet er tatt av Steve Buissinne fra Pixabay

Skattemeldinga: Slik finn du listeprisen på bilen din

Skattemeldinga for 2019 vert utsendt mellom 18. og 31. mars, og mange får der beskjed om å føre på "listepris som ny" på bilen sin. Lars Kristian Todal ved Sveen Auto forklarar deg korleis du gjer dette på ein heilt enkel måte.

Todal fortel at Sveen Auto har fått mange henvendingar frå folk som lurar på korleis dei finn formueverdien på bilen sin. Her forklarar han korleis folk kan gå fram:

– Talet folk skal fylle inn ligg tilgjengeleg på Skatteetaten sine heimesider. Den raskaste måten for folk flest, er nok å bruke ein søkemotor og søke på "skatteetaten listepris". Då skal ein gå inn på den første sida som kjem opp, seier han.

Det første treffet er nemleg Skatteetaten si side "Bilpriser - Listepris som ny", der ein kan klikke seg vidare inn på rett årsmodell og type bil (personbil eller varebil). Når ein har gjort det, vil ein få opp ei liste over alle selde bilar av rett type det aktuelle året. Dermed kan ein bla til rett bilmerke og rett bil, for så å finne listeprisen.

Du kan klikke deg direkte inn på rett side hos Skatteetaten her.

Lars Kristian Todal er klar på at Sveen Auto gjerne hjelper til, dersom folk står fast.

– Det er allereie veldig mange som har ringt oss om dette, og vi står meir enn gjerne til disposisjon for kundane våre. Vi er berre glade for å hjelpe til, seier Todal.

Ingressfoto: Illustrasjonsbilde, tatt av Steve Buissinne fra Pixabay.