turdag 042

Skei barnehage på tur til Østbødalen

Tysdag 22. mai tok storbarnsavdelinga på Skei barnehage buss til Ytterholten i Østbødalen. Vergudane var på vår side og alt låg til rette for ein strålande dag. Her fekk vi møte eit knippe ulike dyr, mellom anna høner, marsvin, sauer og ponniar.

Vi fekk til og med vere med å feire ponnyen Barry sin 26- år dag.
Barnehagebarn song bursdagssongen og matmor Mette Holten serverte boller og sveler
til store og små.


Vi takkar Mette for ein kjempefin dag!

Helsing

Ingveig Nordvik, styrar Skei barnehage