tp_leserinnlegg

Leserinnlegg:

Skianlegg og skjenkeløyve

Sjølvsagt må eit skianlegg ha skjenkeløyve for alkohol! I Surnadal skryt alpinsenteret ( m.a. i Driva 27/11-19) om rekordinteresse og rekordtidleg sesongopning, og «skjenkeløyve er også i boks», så skifolket får «anledning til å ta seg en halvliter her» - slik skifolket ifølgje driftsleiinga i alpinsenteret har etterlyst. 

Riktignok blir det gitt inntrykk av at skjenkinga skal skje etter at heisane stenger. Men eit skjenkeløyve for alkohol gir vel likevel inntrykk av at skianlegg, skirenning og alkohol er ein naturleg, grei og familievennleg kombinasjon? For idrett og alkohol høyrer vel saman? Det er jo så lenge sidan idrettheltane understreka at «Du når ikke toppen med alkohol i kroppen!» - og kva er vel idrettsrørslas stadige nasjonale oppmodingar og vedtak verd om at norsk idrett skal «fremstå som en organisasjon som arbeider mot bruk av alkohol i idrettslig sammenheng»  - og i idrettsmiljøet skal unge «møte et trygt og alkoholfritt idrettsmiljø» der «trenere, ledere og utøvere skal fremstå som gode forbilder» ?

Men slike formuleringar gjeld vel ikkje for idretten og dei som styrer i Surnadal?

Eivind Hasle