
Skirenn i Settemsdalen
Søndag 11. mars slår Bøfjorden i.l. og Bæverfjord i.l. fleire fluer i ein smekk. Da arrangerer dei nemleg lagmesterskap med skimerkeprøve. Det vil også bli premieutdeling for skitrimmen som har vore arrangert på etterjulsvinteren. Rennet foregår på ekrene i Settemsdalen, og det er påmelding frå 13.00-13.30. Start for barn kl. 13.30, vaksne kl. 14.00. Parkering på Myrvoll. Det vil også bli mulegheit til å grille på bål og grillpanne for dei som vil ta med seg grillmat. Klikk her for å sjå heile plakaten.
Full innsats under lagmesterskapet i fjor! Foto: Norunn Holten