010_cropped_3077x1981

Skitreninga godt i gang

Det er full innsats i Surnadal Idrettshall når jenter og gutar frå 1. klasse og oppover førebur seg til vinterens langrennssesong. Treningssesongen starta utandørs allereie før haustferien, men for tida trenar dei unge inne. Når det blir nok snø på Nordmarka, ventar utelivet igjen, noko mange naturleg nok ser fram til. Treningane er kvar måndag frå klokka 18.00, og ungane trenar i grupper etter alder. Dei som går i 1.- 6. klasse utgjer ei gruppe, medan dei eldste trenar for seg. Måndag ettermiddag var det rekordstort oppmøte på den yngste gruppa, men det er enno plass til fleire, får vi vita.
Klikk på biletet for å sjå det større!
010_cropped_1024x659
Jenter og gutar frå 1.-6. klasse på trening i Idrettshallen. Foto: Norunn Holten