174_1024x683

Skitrim for Bøfjord og Bæverfjord

Vi har fått følgjande melding frå Bøfjord og Bæverfjord i.l.: No er det på tide å ta fram skia og ut i skiløypene igjen. I år er det ikkje Barn i løypa, men Skitrimmen som står for tur. Vi håper at alle vil vere med å gå på ski utover vinteren, både ungar og vaksne!!!!

Glimt frå lagmesterskapet i fjor. Foto: Norunn Holten

Alle som deltek må betale ein kontingent på 50 kr. for enkeltpersonar og 100 kr. for familie (Ta med eksakt beløp). Alle vil få premie uavhengig av kor mange gongar ein er med. Det vil bli gratis saft, og sal av bakels og kaffe (10 kr). Eventuelle endringar vil bli annonsert på www.bofjorden.net og www.trollheimsporten.no.

Skitrimmen:
LAURDAG - 7/1 Toresetra (Bæverdalen) 14:00
MÅNDAG - 16/1 Lysløypa; Slettå 18:00
TYSDAG – 24/1 Lysløypa; Slettå 18:00
TORSDAG – 2/2 Nordmarka. (Registrering ute ved startområdet) 18:00
ONSDAG– 8/2 Lysløypa; Slettå 18:00
TORSDAG– 16/2 Lysløypa; Slettå 18:00
SØNDAG - 4/3 Bele. Avslutning og premieutdeling. 14:00

Lysløypa i Settemsdalen vil bli oppkøyrd måndag og onsdag ettermiddag, og laurdag føremiddag. Lagmesterskap/Merkerenn 11/3!! Vi ønskjer alle ein riktig fin og aktiv skivinter!!!! helsar Bæverfjord I.L og Bøfjorden I.L