027_1024x683

Skitrim i snøvær

Skitrimmen i Bøfjorden og Bæverfjord IL er i gang. Trass i surt vær og snøbyger var frammøtet bra og ansikta blide under første skitrim for året på Toresetra laurdag ettermiddag. Heile 46 namn var noterte på blokka da alle var komne ut i løypa, og det er det jo all grunn til å vera fornøgd med! Begge idrettslaga har lang tradisjon for "Barn i løypa". I år vart for første gong også vaksne inviterte med til skitrim i løypene. Kanskje ingen dum ide ettersom jo dei vaksne oftast er med likevel. Det vil bli skitrim omtrent ein gong for veka framover, og tidspunkta kjentgjort på kalenderen.

Ein god tradisjon som er tatt med over frå "Barn i løypa": Velfortent bakelsrunding etter vel gjennomført aktivitet! Alle foto: Norunn Holten.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Til venstre og over: Nokre glimt frå laurdagens skitrim.

Snøbyger eller ikkje: Damene ved vaffelpressa var like blidspente!