101_1024x683

Skøyteliv på Liavatnet

Både små og store gjekk mann av huse for å gå på skøyter på Liavatnet søndag. Nokre spela hockey og nokre sjekka formen, medan andre berre rett og slett leika og koste seg. Enkelte tok også sine første steg på skøyter og hadde dermed nok med å konsentrere seg om teknikken.

Det var heller ikkje alle som hadde skøyter på føtene. Nokre koste seg rundt bål eller bålpanne og var støttekorps på land. Arrangørane stilte nemleg med bålpanne, og denne vart flittig bruka til alt frå pølser til sveler og brød. Folk hadde det ikkje travelt med å avslutte og dra- noko som tyda på at dei trivdes både ute på isen og på land. Vi får berre håpe at isen held seg slik at det kan bli fleire slike arrangement.

KIikk på bilda for å sjå dei større eller i serie! Alle foto: Norunn Holten

 

055_1024x1536
Ung skøyteløpar.
057_1024x683
Spennande med isfiske.
070_1024x683
Full fart med hockey.
077_1024x683
Trivsel rundt bål og bålpanne på land.
087_1024x683
Yngst på isen i dag- i pulk!
090_1024x683
Yrande liv på isen!
091_1024x683
Også dei firbeinte vart passa godt på.
093_1024x683
Aktivitet rundt bålpanna.
101_1024x683
Gamle gutar blir som unge på skøyer!