
Skotårskarneval på Øye skule
Fire stilige, men også litt skumle sjørøvarar frå 2B. Alle foto: Norunn Holten
Siste veka før vinterferien brukar Øye skule å ha leseaksjon, og kvart skotår blir denne veka toppa med eit karneval. Da kler både elevar og lærarar seg ut og kosar seg litt ekstra før dei tar ferie. I år spanderte endatil FAU ved skulen pølse og brød på samtlige av dei 353 elevane ved skulen. Elles vart dagen markert med polonaise i gymsalen og premiering av dei beste kostymene. Ingrunn Ranes i 2A og klassen hennar fekk heider og ære for god og original ide til kostyme. Ho var den som var utkledd som pølse med brød. Til tross for sin unge alder, hadde ho laga alt sjølv, frå ide til ferdig kostyme, får vi vita. Premien var ein time i svømmehallen, noko som er svært populært hjå elevane ved Øye skule! Ingrunn hadde denne kommentaren då ho og klassen fekk beskjed om at dei gjekk av med denne sigeren; " ÅH, eg er så glad eg kan dele denne premien med klassen min!". 5 trinn vart premiert som "Best in show". Også dei fekk ein time i svømmehallen eller gymsalen.
3., 4. og 5. klassa samla til polonaise i gymsalen.
Denne fargerike trioen hentar pølse med brød til seg og klassekameratane sine.
Full fart under polonaisen!
Stor breidde i val av kostyme!
Klasse 2A hadde sjørøvarar som tema gjennom leseaksjonen. Over og under ser du korleis resultatet vart på karnevalet. Bak edderkoppen på det øverste bildet over står Ingunn som sikra 2A premie med sjølvlaga kostyme som pølse og brød!
Etter polonaisen måtte elevane visa seg fram klassevis på scenen, godt påpassa av rektor som for anledninga stilte som cowboy.