Leserinnlegg256x256px

Skryt til butikkfolket

"Smil og koselege kommentarar med sørvis og tålmot atpå. Slik vart eg i dag, som elles, møtt både på Nybø, Prix, Solhaug og Sport`n." Fra Lene Gåsvatn kommer et lesebrev der hun roser og takker butikkfolket i Rindal. Det ser du under og på leserinnlegg.

Butikkfolket i Rindal skal ha takk.

Smil og koselege kommentarar med sørvis og tålmot atpå. Slik vart eg i dag, som elles, møtt både på Nybø, Prix, Solhaug og Sport`n. Eg såg det var mykje folk og at det var travelt, eg høyrde mange som skulle spørje etter eitkvat, og samstudens var det så fleire av oss kundane prata oss imellom: At dei orkar å springe her for oss med føter som fèr lik trommestikker?! At dei har overskot til å vera så venlege og genuint interesserte i kundane, desse som arbeider her?!

Så er det berre å vera med og arbeide for at løna deira skulle kunne samsvare noko meir med innsatsen. Det har dei fortent, desse som bruker så mykje krefter gjennom arbeidsdagen i teneste for anna folk og for profitten som fèr andre stader.

Signa julehelg til dykk alle ­ og velkomne til kyrkje for å kjenne på den julefreden som ikkje er dykk forunt å ha på butikken!

Helsing soknepresten.