
Rekordtidleg våraktivitet ved Øye skule
Skuleelevane prisar våren!
Det er rekordtidleg vår ved Øye skule, noko elevane veit å setje pris på! Det er eit yrande liv med typiske våraktivitetar rundt om på heile skuleområdet, og enno viser kalenderen berre midta av mars! Da Trollheimsporten besøkte skulen i friminuttet midt på dagen onsdag, var det skikkeleg gladstemning med springing, herjing, roping, latter og alle slags gaue aktivitetar. Klikk deg vidare og sjå korleis ungane på skuleområdet prisar våren! Send oss gjerne ein stemningsrapport også frå din skule!
Mange av elevane på skuleområdet bar rundt på kvarandre. Jentene på bildet er sju blidspente utøvarar av sporten! Alle foto: Norunn Holten
Full aktivitet på Øye stadion! Her var det smått med ledig plass, anten ein ville delta i aktiviteane eller berre slappe av i sola.
Elevane ved Øye skule likar seg i høgda, det er bileta over gode eksempel på.
Slåball er stadig ein slager i friminutta.
Desse tre karane trena presisjon med miniskateboard.
Nok ein evig slager i skulegarden: tauhopping!
Gøytt, ja!
"Gaue dreker" på Øye stadion!
Dette må bli treff!