gamle øye skule_350x265

Skulegjenreising trekkjer i langdrag

Gamle Øye skule er truleg i langt dårlegare stand enn kva ein først trudde, og kostnaden for å gjenreise bygget vil difor bli langt høgare enn dei i overkant av 500.000 kronene det er budsjettert med. I tillegg til pengespørsmålet, er det også debatt om kvar på museumsområdet på Åsen skulen skal setjast opp.

Debatten om gamle Øye skule har gått fram og tilbake i det politiske og administrative systemet i Surnadal. Formannskapet gikk før jul inn for at "gammalskulen" skal setjast opp ved vegkrysset nedanfor museet sitt bygdetun mot Østbødalen, plassert på ein liten kolle.

Men mellom anna på grunn av nye moment i høve til plasseringa, sendte kommunestyret saka attende til ny drøfting i formannnskapet. Men heller ikkje i formannnskapsmøtet i går, tirsdag, kom det til nokon endeleg konklusjon. Politikarane hadde ikkje fått dei nye administrative vurderingane dei hadde bedt om, og saka vart difor utsett til neste møte.

I møtet tirsdag kom det likevel fram opplysningar som tilseier at å setje opp att gamle Øye skule, blir lagt dyrare enn opprinneleg tenkt. Eit låvetak som raste saman på Åsen i vinter, kan ha ført til råteskadar på skulebyggmaterialet som låg der. Palmer Vikan (KrF) fortalde også i møtet at han i samtalar med Olav Rønning i kommunen si eigedomsavdeling hadde fått opplyst at skulebygget er i langt dårlegare stand enn først trudd.

- Det opprinnelege kostnadsoverslaget vil ikkje halde, sa Vikan, som meinte desse nye opplysningane at kommunestyret må få saka til ny drøfting. Det fekk han ikkje med seg resten av formannnskapet på. Etter framlegg frå Lars Polden (Sp) valde formannskapspolitikarane å sende saka i retur til administrasjonen, med pålegg om ny og betre saksutgreiing.