
Skulehastverk – kapittel II
Presisering: Er det sannhet i «at «foreldrene er glade for det vi gjør» og «dei sterke signala frå foreldre» om å legge ned Bøfjorden skule? Kva byggjer oppvekstleiaren slike påstandar på?
Sjølsagt har eit mindretal som ønskjer barna sine til Bøverfjorden, all rett til å bli hørt. Men kjære etat, folkevalde og lokalpresse - no må det ringe ei alarmklokke: Kvifor underslår etaten systematisk den (så vidt eg veit) siste, gyldige dokumentasjon på kva foreldra i Bøfjorden meiner? I høringsbrevet frå i sommar underskriv nemleg 70% av heimane (les ein gong til: 7 av 10!) kravet om å oppretthalde undervisninga i Bøfjorden!
Går det da an å påstå det stikk motsette – slik bakgrunnsmaterialet for skjebnesvangre vedtak no gjer? Materiale som tyt ut i bastante presseoppslag og teiknar eit håplaust bilete av heile Bøfjorden?
Leiar i oppvekstutvalet agiterer: «Foreldrene er glade for det vi gjør» (TK 23.11), talar om å «ta ansvar og følge oppfordringene fra foreldre til elever på Bøfjorden skule som ønsker sammenslåing» og har «signaler om at elevene ikke ønsker seg tilbake til skolen i Bøfjord» (Driva 23.11). Utvalsleiaren skryter uhemma av «veldig bra miljø» i Bøverfjorden og «vet at elever som hadde vansker i Bøfjorden, nå blomstrer i Bæverfjord».
Vi som følgjer med litt lokalt, veit ein god del anna, men viser ansvar og heng det ikkje ut offentleg. Igjen må ein minne om: Skulen har taushetsplikt – også om utvalte bitar av sanninga som er freistande å utnytte til eigen fordel. Nokon burde gå etter i saumane korleis oppvekstleiaren «veit» så mykje til fordel for mindretalets syn og kvifor formell dokumentasjon på fleirtalssynet blir underslått. Går det an å snu demokratiet opp-ned på denne måten? Og: Nedleggingsproblemet gjeld heimane i Bøfjorden - ikkje Bøverfjorden!
Referat og leiar i Driva (23.11) syner at denne antidemokratiske agitasjonen har nådd fram. Avisa viser til «oppmodingar frå foreldre i Bøfjord om å gjere årets overflytting av elevane til Bæverfjord til ei permanent ordning», skryter av «grundig og truverdig (!) utgreiing» og konkluderer difor med at nedlegging er «eit rett val». Akk.
Politiske løftebrot (skulestruktur, sabotering av bemanningsprosess for Bøfjord-skulen, lovnad om berre midlertidig flytting, tilsidesetting av kommunestyrevedtak 07.08) føyer seg inn i serien av merkelegheter. Og ved spørsmål om kvifor det hastar slik med nedlegging, blir pressa vist på gangen, fordi dette angiveleg er ei sensitiv person-sak! Akk igjen.
Oppvekstsjefen bruka under høringsmøtet i vår (som i sakspapira no) store ressursar på argument mot Bøfjorden skule. Som pedagog veit eg at skoen av og til har trykt både her og der. Men det er umuleg å kjenne seg att i så einsidig svartmåling av eit miljø som for to år sia feira 40-årsjubileum med stor kreativitet, stolthet og glede over skulen sin.
Høringsframstillinga i vår var ei total fordømming av håplaust miljø - også siste vinter. Kvifor var da ikkje foreldreorganisasjonen innkopla? Viss problema galdt skulemiljøet generelt, er det regelbrot å halde dei utafor. Galdt det derimot enkeltelevar, er jo ikkje problema argumentet for rasering av heile skulemiljøet! (Mange av vanskane i 2011 hadde heilt spesielle årsaker som ein av personomsyn ikkje kan utdjupe.)
Framstillinga viste, nokså tendensiøst, til «telefonsamtalar», påståtte ønske (som ikkje let seg dokumentere) frå elevar og foreldre om flytting til Bøverfjorden og unnsåg seg heller ikkje for å offentleggjera at Bøfjord-elevar søkte psykolog!
Eg er ikkje dummare enn at eg ser fordeler med fleirdelt skule og større lærarstab. Men eg veit også litt om elevar i kontakt med eigen natur, eigen kultur, eige næringsliv og om trivsel og trygghet i eige nærmiljø - umålelege faktorar som ikkje passar inn i oppvekstetatens skjemasystem, men som totalt har langt meir med trivsel og livsinnhald å gjera enn mange av etatens argument. Og vil du vita meir om effekten av skulestørrelse, så spør «Landslaget for fådelte skular» - dei har peiling på kretsskuleproblematikk.
Sakspapira til oppvekststyret 22.11 skriv mange sjølsagtheter - som «Lek og vennskap er selve livets skole», det viktige i «å vere saman med ulike menneske», «vaksne å trivast med», «helse, trivsel og læring hører sammen», «godt samarbeid skule – heim» og «behov for vener». Alt positivt tillagt Bøverfjord-skulen og bruka mot Bøfjorden! Nærskuleprinsippet er derimot elegant bortforklart.
Går dette verkeleg an? Synest Surnadal kommune dette saksarbeidet er i sin skjønneste orden?
Det er oppriktig vondt å måtte skrive dette offentleg. Men det er ikkje til å unngå. Foreldra i Bøfjorden har på alle måtar prøvt å bli hørt – utan å lykkast: Skuleetaten favoriserer mindretalet. Pressa tek ikkje foreldresynspunkta på alvor og set seg ikkje tilstrekkeleg inn i fakta. Nettmobbing av «sekta Bøe» og slengmerknader i Mega-køen er heller ikkje triveleg, men vi prøvar likevel å halde oss til saka. Har derimot fleirtalet av foreldra her snudd dei siste vekene, så høringsdokumenta ikkje lenger gjeld, da bed eg om unnskyldning for å ha engasjert meg!
Ei viktig poengtering må til: Eg har ingen ting imot personane Oddny Hoem, Astrid Mogstad Høivik og Mons Otnes. Dei er alle sympatiske mot meg i ulike jobb- og kultursamanhengar. Men dette handlar om sak. Difor talar vi etter demokratiske prinsipp ikkje om personar, men om korleis leiaren i oppvekstutvalet, einingsleiaren for oppvekst og ordføraren i Surnadal kommune opptrer for å få lagt ned Bøfjorden skule.
Mine innlegg flyttar nok ikkje dette massive fjellet. Som bøfjording er eg da også vant til å spela på lag som taper. Men vi har stilt opp til kamp likevel. Eit par ekstraomgangar tek vi vel og.
Men her og no seier eg berre: Versågod neste, Todalen – og Mo!
Bernt G. Bøe